Side 8 og 9.indd

Grenda vitja naboane

Grenda har dei siste månadene besøkt dei nabokommunane som ein kan sjå som aktuelle kandidatar for samanslåing med Kvinnherad. Dei har i alt snakka med sju ordførarar.

Grenda gjekk i gang med reportasjeserien sjølv om det i Kvinnherad verka å vera ei utbreidd oppfatning at kommunen ikkje treng slå seg saman med andre. Fleire av nabokommunane ynskjer å dra med seg Kvinnherad.

Artiklane tok for seg ein kommune om gangen, og ga både ein presentasjon av kommunane og eit innblikk i kor langt dei var komne i diskusjonane om kommunesamanslåing, korleis vegen såg ut vidare, og kva alternative løysingar dei såg for seg.

Last ned pdf av sakene her: Grenda vitja naboane

Med departementet sitt verktøy Ny kommune og Bergens Tidende sin Kommunebygger kan du raskt samanlikna kommunane med kvarandre. Om du vil grava deg djupare ned i tala finn du mykje i Kostra.