Unge og medium i Strandbuen
Unge og medium i Strandbuen

Unge og medium i Strandbuen

Elin Moen Karlsen i Strandbuen har laget en flott sak om unge og medium, her forteller hun om hvordan saken ble til. Det er Ona Søyland som har laget sidene i avisen og selv så står hun for de fleste bildene, grafikken og videoene selv.

Utgangspunktet for serien om Unge og medium var at eg fekk ein e-post i innboksen med resultata frå Barn og medier-undersøkelsen for 2018. Eg har sjølv ungar i skulealder og har kjent utfordringa på det med aldersgrenser på kroppen. Derfor ønskte eg å laga ei sak på det som kjem fram i undersøkinga med ei lokal vinkling.

Eg hadde tidlegare diskutert utfordringane den digitale verda får for ungane og deira kvardag med rektoren og oppvekstkoordinatoren. Dei var uroa. Resahaugen skole hadde allereie engasjert seg i denne saka med foreldremøte om temaet.

Eg ville intervjua både ungar og foreldra deira. Eg ville intervjua ungar i fleire aldrar mellom ni og 18 år, eg ville ha omtrent lik fordeling på kjønn og eg ville ha ungar frå alle dei tre dekningskommunane våre. Eg brukte alle kontaktar eg har inn i skular og elles i lokalsamfunna til å få tak i intervjuobjekta. 

Tanken min var å prøva å laga ei sak som ikkje skulle vera ei peikefinger-sak, men ei sak som fortalde om korleis lokale foreldre og ungane deira har vald å gjera i forhold til aldersgrenser på spel og sosiale medium. Eg ville også ha ulike «ekspert»-kjelder som kunne belysa fleire side ved dette.

Eg jobba med Unge og medium i eit par månader utanom den ordinære avisproduksjonen. Mange ettermiddagar og kveldar blei brukte. Å få saka akkurat slik eg ville med det nettpubliseringsverktøyet me har var også ein jobb som kravde mykje flikking og tid.

Unge og medium-saka fylte 18 sider i papiravisa og en serie på 10 delar på nettsida