Innbydande og inviterande, med glimt i augo og overskot. Det meinte juryen i Årets lokalavis om Dølen, som fekk heiderleg omtale i konkurransen.
Dølen dekkjer Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu kommunar, region midt-Gudbrandsdal. Dølen kjem ut kvar torsdag i eit opplag på om lag 4.000, og er med det Gudbrandsdalens største lokalavis.
Snart vert det redaktørskifte i Dølen. Men før han går frå redaktørstolen, kunne Bjørn Kjellsson Sletten i mars hanke inn heiderleg omtale i LLA-konkurransen Årets lokalavis.
Redaktøren seier at han nærast fekk bakoversveis av å lese grunngjevinga til juryen i Årets lokalavis.
– Samstundes føler vi også sjølv at vi har gjort mykje bra dei siste åra. Det kjennest godt at folk utanfor området også ser at vi gjer bra ting, seier han.
Nøgd med malstyring
Juryen gav mellom anna Dølen skryt for visuelle høgdepunkt i papiravisa, som denne saka om E6. I tida si som redaktør har han mellom anna jobba hardt for å rydde i avisa og lage ei meir moderne og relevant lokalavis. Dølen har vorte tydelegare på kva saker som fortener plass, og dei har vorte meir bevisste på foto. Når redaksjonen diskuterer sakene på redaksjonsmøta, snakkar dei gjerne også om korleis dei vil løyse sakene visuelt.
– Det har vore viktig for meg at vi er relevante, og at vi ser ordentleg ut. Eg synest ein del lokalaviser har hatt ein del å gå på i måten dei presenterer stoffet på. Eg meiner innhaldet blir betre når presentasjonen er god, seier han.
Dølen har nett gått over til malstyring med Polaris si Newscycle-løysing. Enkelte redaksjonar grøsser ved tanken på malstyring, men Dølen er strålande nøgde.
– Vi synest det er kjempemorosamt å jobbe med malar, og det fungerer utmerka. Det gir journalistane høve til å følgje saka endå tettare. Vi har mange moglegheiter gjennom malane og føler ikkje at dei er til hinder for at sakene blir bra. Dessutan har det gjort planlegginga enklare og gitt oss ei tydelegare prioritering. Før skreiv vi ofte altfor langt, seier redaktøren.
Bruker public journalism
Dølen var med på LLA-prosjektet Levande lokalsamfunn som vart avslutta i 2014. Gjennom prosjektet fekk dei auka kompetansen på metoden public journalism.
– Det er viktig for oss å sleppe til andre stemmer enn rådmann, ordførar og andre som har markante roller og lett får mykje spalteplass. Det er lettvint å intervjue slike kjelder, dei svarer når du ringer. Men eg er overtydd om at vi har fått mykje igjen for å ta den ekstra jobben med å finne fram til andre kjelder, seier Bjørn.
Avisa prøver å finne fram til kjeldene som sakene angår. Det kan til dømes vere småbarnsforeldre, ei gruppe som ofte er lite representert i lokalavisene. Småbarnsforeldre har vore ei svært sentral kjelde i Dølen si dekning av spørsmålet om fire eller fem dagars skuleveke for dei yngste elevane i Nord-Fron. Dei har mellom anna samla 25 foreldre ein onsdag morgon for å ta gruppebilete. Saka endte med at politikarane lytta til foreldra og gjorde heilomvending.
Andre gongar oppsøker Dølen bedrifter i lunsjpausen for å få høyre kva «vanlege» folk meiner om aktuelle saker.
Ei typisk sak som eignar seg for denne typen journalistikk, er konfliktsaker der ulike parter i lokalsamfunnet står mot einannan. Iblant får dei partane til å møtast, som då dei arrangerte møte mellom ein homofil mann og ein prest som ikkje vil vie homofile.
– Folk må ikkje nødvendigvis verte einige, men når dei møtest for å diskutere kan det vere med på å byggje eit romslegare samfunn. Vi synest det er artig å jobbe på denne måten. Det kan vere krevjande, men resultatet blir betre, sakene vert meir lest og skaper større engasjement, og vi er med på å setje dagsorden på ein annan måte enn før, meiner redaktøren.
To konsern
Bjørn Kjellsson Sletten fortel at Dølen trengte oppturen med heiderleg omtale i Årets lokalavis. Det siste året har dei vore gjennom ei nedbemanning der annonseseljaren og grafikaren måtte gå.
– Vi klarte å skjerme redaksjonen, men det var ikkje morosamt å miste to av seks kollegaer, seier redaktøren.
No kjøper Dølen annonsetenester av eigaravisene. Dølen as er 50 prosent eigd av Gudbrandsdølen Dagningen (GD) som er tilknytt Amedia, og 50 prosent av Skjåk Mediautvikling (Fjuken), som er ein del av Polaris Media Nordvestlandet. Dølen sin annonseproduksjon er no delt mellom Fjuken og GD, medan dei bruker ein annonseseljar som er tilsett hjå GD. Seljaren skal bruke halve stillinga si på å selje for Dølen.
– Det fungerer forbausande bra å dele annonseseljar med vår største konkurrent, seier Bjørn.
Til sommaren kjem Dølen endå tettare på GD. Då skal dei flytte inn i felles kontorlokale med GD sitt lokalkontor i Vinstra. Bjørn trur likevel at dei vil halde fram med å sjå kvarandre som konkurrentar.
– Dei er ein ganske tøff konkurrent for oss. Eg er eigentleg veldig glad for konkurransen. Det er ein styrke for lesarane, og det skjerpar oss i redaksjonen.
Endeleg e-avis
Det er fleire endringar på gang for Dølen. Neste veke får dei e-avis og plussløysing på nettsakene. Bjørn fortel at lesarane har etterlyst ei fyldigare nettavis, noko dei no vil få. Aller helst ville han hatt det for lenge sidan, men med to eigarar har det teke tid å få avklart kven som skal levere løysingane. No er det avklart at alle tekniske løysingar kjem frå Polaris Media.
Det har sine utfordringar å vere tilknytt to konsern, men også sine fordelar. Bjørn Kjellsson Sletten har sett pris på gode impulsar frå begge leirane.
Den neste store endringa kjem til hausten, når Bjørn Kjellsson Sletten sluttar som redaktør. I eit intervju med si eiga avis sa han at han framleis brenn for lokalavisene og deira rolle i lokalsamfunnet.
– Samtidig føler eg at eg nå forlet ei avis som er godt rusta for framtida, både organisatorisk og økonomisk, sa han.