Bø blad i Telemark vert laga av grafikar Dag Einar Hvitsand, marknadsansvarleg Rune Digranes Bøen, journalist Øystein Akselberg, journalist Gro Birgitte Røiland, journalist Marta Kjøllesdal, avismedarbeidar Synnøve Sudbø Kleppe, og redaktør Hilde Eika Nesje.
Bø blad i Telemark vert laga av grafikar Dag Einar Hvitsand, marknadsansvarleg Rune Digranes Bøen, journalist Øystein Akselberg, journalist Gro Birgitte Røiland, journalist Marta Kjøllesdal, avismedarbeidar Synnøve Sudbø Kleppe, og redaktør Hilde Eika Nesje.

Ukas avis: Bø blad

Lite er tilfeldig i Bø blad. Redaktøren er eit ordensmenneske, og meiner alle lokalaviser bør ha overlappingsinstruksar og redaksjonelle hugseplanar.

Lite er tilfeldig i Bø blad. Redaktøren er eit ordensmenneske, og meiner
alle lokalaviser bør ha overlappingsinstruksar og redaksjonelle hugseplanar. 

Bø blad i Telemark vert laga av grafikar Dag Einar Hvitsand, marknadsansvarleg Rune Digranes Bøen, journalist Øystein Akselberg, journalist Gro Birgitte Røiland, journalist Marta Kjøllesdal, avismedarbeidar Synnøve Sudbø Kleppe, og redaktør Hilde Eika Nesje.

Bø er ein vekstkommune, og det er venta at befolkningsveksten skal halda fram. Redaktøren trekkjer knapt pusten når ho ramsar opp alt det positive som skjer i kommunen. Ho meiner dette er ein plass det er godt å bu – og godt å driva avis. Eit opplag på 2567 eksemplar i ein kommune med 6262 innbyggjarar er noko mange vil meine er meir enn ein bladfyk kan drøyme om. Men redaktør Hilde Eika Nesje meiner Bø blad kan vekse.

– Eg meiner vi burde hatt 80 prosent husstandsdekning i Bø. Vi har omtrent 63. Mange leser avisa på jobb og føler ikkje behov for å ha eige abonnement, men vi har potensial til å nå fleire, seier ho.

Hittil har ikkje Bø blad satsa sterkt på nett. Dei legg ut korte saker på nett og tilviser til Buy and read. Hilde føler behov for å endra på dette.

– Men vi må finna løysingar som fungerer teknisk, samtidig som vi skal ta oss råd til investering og drift. Når vi sparer inn på grunn av nedgang i inntektene, er det ikkje lett å finna ekstra pengar og tid til å satsa på nett, seier ho, og legg til at det førebels ikkje verkar som lesarane saknar ei meir innhaldsrik nettavis.

– Eg kan telja på ei hand kor mange som har bede oss verte digitale. Folk held seg til det dei har, seier ho.

Samarbeid med naboaviser
Etter at Bø blad i fjor kjøpte opp avisa Kanalen som dekkjer nabokommunen Nome, trur Hilde at dei kan samarbeide om digital utvikling. Ho ser også for seg å spara pengar på felles innkjøp, og etter kvart trur ho det vil bli meir og meir aktuelt med samarbeid om grafiske tenester, sal og redaksjonelle saker.

Bø blad har også hatt redaktørmøte med Drangedalsposten, Vest-Telemark blad og Kanalen for å diskutera om dei fire uavhengige avisene kan samarbeida om noko. Eitt aktuelt forslag er å gå saman om å tilsetja ein teknikar.

Som for dei fleste andre har Bø blad dei siste åra hatt behov for å kutta i utgiftene. Dei har ikkje kutta i journaliststillingar, men har skore ned på alt frå papirbruk til frilansbruk.

Medan annonseinntektene har gått ned, har Bø blad klart å halda på abonnentane. Dei har hatt fleire vellukka kampanjar. Abonnementskampanjar med premiar som gartnarhjelp, husvask før jul og tv før OL har slått an. Dei har engasjert jenter som sparer til russebil til å selja på dører, og sjølv står dei på stand på torgdagar, nattope og bygdedagar.

Serien om motorentusiastar kom etter eit innspel Bø blad fekk då dei sto på stand.

Populære spalter
Ein gong Bø blad sto på stand, kom dei i prat med ein mann som sa at han var så lei av å lesa om feler og kultur i lokalavisa. Han ville heller lesa om det store bilmiljøet i Bø. Journalisten tok han på ordet, og snart var Bø blad i gang med den månadlege spalta «Motordilla» som har gitt mange gode saker og nye ansikt i avisa.

Bø blad har fleire populære spalter, mellom anna har dei både «Bortebuaren» og «Tilflyttaren». Hilde Eika Nesje synest det er kjekt å intervjua tilflyttarar.

– Bø står for brorparten av tilflytting til Telemark. Tilflyttarane er involvert i så mykje, seier ho.

Ein fribyforfattar frå Aserbajdsjan har fått si eiga spalte. Avisa har fått mange positive tilbakemeldingar på spalta, og redaktøren meiner at det er vel verdt den ekstra tida det tek med korrekturlesing av språket.

Fribyforfattar Idrak Abbasov frå Aserbajdsjan skriv ei populær spalte i Bø blad.

I 2017 har avisa ein serie dei kallar «Sidesprang», med to spaltistar som bur i Bø og to som har flytta ut og ser bygda utanfrå. Dei er to kvinner og to menn, og Hilde har også passa på å spreie dei på fleire generasjonar.

Ho liker å knyta ungdom til avisa, ikkje berre som abonnementsseljarar, men også som frilansarar, kjelder og spaltistar.

– Eg vil at det skal liggja naturleg for journalisten å ikkje berre intervjue vaksne. Og eg forsøker heile tida å rekruttera unge frilansarar som kan gje eit ungt perspektiv på sakene. Det hender at vi har 15-åringar utplassert i avisa, og når nokon viser seg å ha ei spesiell interesse og evne for journalistikk, spør eg om dei vil jobba meir for oss.

Hugseplan
Kvart år i januar lagar Hilde Eika Nesje leveringsplan for alle spaltistane.

– Då slepp eg å purra på dei, seier ho.

Ho har også ein redaksjonell hugseplan. Den gjer det lettare å hugsa å involvera barn og unge, å skaffa næringslivsstoff, og sjekka kjeldene. Større intervju har journalistane ei fast rullering på.

Alle dei tilsette i Bø blad har ein overlappingsinstruks i tillegg til arbeidsinstruksen sin. Det bør alle små aviser ha, meiner Hilde Eika Nesje.

– Viss eg vert sjuk, er det ein som automatisk tek over det redaksjonelle ansvaret, og ein annan tek over som dagleg leiar. Og viss resepsjonisten er sjuk, vert ansvaret hennar delt på to, ein før klokka 12 og ein etter. Dermed slepper eg å begynna å leita etter nokon som kan ta over, seier ho.

Hilde likar generelt å ha orden.

– Eg er ordensmenneske av natur, og opplever at det vi har ein god plan på, klarer vi å gjennomføre. Når vi fordeler arbeidsbyrdene, vert ikkje dagane så heseblesande og det vert mindre tilfeldig kva vi rekker å gjere, seier ho.

– Vert ein ikkje meir låst og mindre kreativ av strenge planar?

– Tvert imot! Det kan sjølvsagt koma noko kreativt ut av tilfeldige prosessar, men eg meiner at det er langt større rom for å kasta seg over nye idear når ein veit at ein har god kontroll på alt anna, seier ho.

Ved å fordela ansvaret mellom journalistane i god tid, har Bø blad mellom anna klart å ha hundre veljarintervju og hundre politikarintervju før valet.

I år har dei tenkt å begynna valdekninga i mai. Innan den tid set redaktøren seg ned med resten av redaksjonen og legg ein plan for perioden fram til valet.

Den systematiske og grundige valdekninga til Bø blad har blitt lagt merke til under fleire valkampar. Dei fekk mellom anna LLA sin Ung & engasjert-pris for det gode arbeidet dei gjorde under valkampen i 2011.

Redaktør Hilde Eika Nesje i Bø blad meiner det er viktig å planlegge valdekninga i god tid. Sjølv liker ho å bruke tankekart.

Bø blad

Nettside: boblad.no
Lokalavisa for Bø i Telemark.
Kjem ut kvar torsdag.
Cirka 32 sider per utgåve.
48 utgåver i året.
Opplag 2016: 2567 eksemplar, opp 25 aviser frå året før.
Sju tilsette.
Dagleg leiar og ansvarleg redaktør er Hilde Eika Nesje.
Produserer heile avisa sjølv.
Avisa blir trykt hjå Nummer 1 Trykk i Larvik.
Avisa blei starta i 1986 av Arne Kielland.
Eigd av lokale aksjonærar.
I fjor kjøpte Bø blad naboavisa Kanalen.


Redaksjonell hugseliste

Me har fått lov til å dele den redaksjonelle hugselista til Bø blad. Slik ser ho ut: 

KVA FOR SAKER HAR ME?

TITLAR OG BILETE – Sjekk samsvar, tenk alltid framside når du fotograferer

SPRÅK – Les alltid korrektur før du leverer. Er tekstbindinga di god nok?

FRAMSIDA – Sel den godt i laussal, er kjønnsdelinga lik?

KJELDER – Hugs å variere i kjeldebruk, og bruk så langt du kan fleire kjelder i saken.
Hugs barn, unge og kvinner!

FASTE SPALTER – Bø blad
Framsnakkar
Hårre
Barnepraten
70+
Ung i Bø

FASTE SPALTER – Gjesteskribentar
Sidesprang
Idrak
Skobba
Bø bibliotek / Bø Museum / Bø kyrkje / Bø Mållag (på omgang)

JUBILANTEN

LOKALQUIZ OG KRYSSORD – Levering på omgang av alle tilsette

KOMMUNEREFORM – Kva kan me følgje opp denne veka?

NASJONALE SAKER MED LOKAL VRI

GRAVESAK

SAK(ER) FRÅ SAUHERAD

SAK FOR UNGDOM

NÆRINGSSAK

VEKAS REPORTASJE

PLANLAGTE TEMA
Romjuls- og januarsal
Morsdag
Vinterferie
Påske
Vår
Konfirmasjon
Sommar
Haust
Jakt
Farsdag
Black Friday
Jul

BILAG – Hugs å samle på gode idear!
Bustad
Næring
Festival
Student

EIGENANNONSER – Kva må med? Kampanjar – alltid abonnement!