Dag-og-tid_stolsdrift-2

Testar norsk stølsdrift på eigen avisstøl

På ein støl i vossafjella ligg «Dag og Tid-stølen». Her har redaktør Svein Gjerdåker drive stølsdrift dei siste tre somrane. Mjølking av to kyr, ysting og stell av to griser. Som redaktør har han valt å bruka erfaringa til ei form for deltakande journalistikk i Dag og Tid.

Resultatet er grundige, innsiktsfulle artiklar om rutinane og gledene med stølsdrifta, om kulturlandskapet, ulike dyrerasar, slakting og kjøtkvalitet.

Etter ein rundtur mellom levande stølar i Alpane for nokre år sidan, begynte Svein Gjerdåker å undrast: Kvifor er det knapt stølsdrift att i Noreg? Er det mogleg å få stølane i gang att?

Han bestemte seg for å gå grundig til verks i jakta på svaret. Han leigde ein støl på Voss, gav han namnet «Dag og Tid-stølen», skaffa seg nokre dyr og la sommarferien til stølen.

– Å driva hobby-støl kostar, og utgiftene er mine eigne, ikkje Dag og Tid sine. Men det billegare enn ein sydentur i fellesferien, og kjekt. Dessutan har eg to ungar som eg vil skal oppleva dette, fortel han.

Med mobilt breiband kan han bidra til avisproduksjonen frå stølen. No har han også skaffa seg kalvar som skal verta mjølkekyr om to år. Desse skal ein gard på Voss ta seg av gjennom vinteren.

– Eg får mange gode tilbakemeldingar på sakene i Dag og Tid. I og med at eg gjer det sjølv vert tekstane meir ekte og innsiktsfulle, seier Svein Gjerdåker.

Han vil anbefala andre å skriva om noko sjølvopplevd. Kva med å driva fiske nokre månader?

Her kan du lasta ned to av reportasjane som pdf.