Elbil_foto-Overhalla-kommune

Stor kommuneundersøking om klimatiltak

Framtia.no har stilt alle kommunar i landet 28 spørsmål om lokale klimatiltak. Halvparten av dei nær 200 kommunane som har svara på undersøkinga seier dei vil bli lågutsleppskommunar innan 2050 eller seinare.

Ordførar Per Olav Tyldum (t.h.) i Overhalla er overraska over at kommunen er best i landet på elbilar. Foto: Overhalla kommune

Framtida.no har stilt alle kommunar i landet 28 spørsmål om lokale klimatiltak. Halvparten av dei nær 200 kommunane som har svara på undersøkinga seier dei vil bli lågutsleppskommunar innan 2050 eller seinare.

Sjekk kva din kommune har svara på Framtida.no.

Det er store forskjellar i klimamåla til kommunane, men alle dei fire største byane trur dei vil klara det innan ti år. Knapt éin av tre kommunar svarar at dei har spurt innbyggjarane om klimatiltak.

45 prosent av kommunane som har svara har ikkje ein einaste elbil.

– Eg skal vera forsiktig med å seia kva andre kommunar skal gjera, men dette synest eg er forferdeleg og oppsiktsvekkande, seier ordførar Per Olav Tyldum (Sp) i distriktskommunen Overhalla, som kjem fram som den beste elbilkommunen i landet.

Her finn du dei første sakene om kommuneundersøkinga, samt andre saker om klima som lokalavisene kan bruke fritt.

Med Fritt Ord-støtte har Framtida.no, Energi og Klima, ABC Nyheter og Landslaget for lokalaviser starta eit stort klimajournalistikk-prosjekt. Målet er å lage kritisk, undersøkande og opplysande klima- og miljøjournalistikk som når mange lesarar, både ungdom og vaksne, og setje dette på dagsordenen for å bidra til klimaløysingar lokalt.

Framtida.no og Energi og Klima skal laga artikkelseriar som blir tilgjengeleg til bruk i dei over 100 lokalavisene i LLA. Første delen av serien går inn på kva klimarisiko er, korleis vêret blir for dei ulike regionane og landsdelane våre og korleis dette påverkar alle sektorarar. Stoffet skal lagast slik at det skal vera mogleg for lokalavisene å finna lokale casar. Der me finn lokale tal, vil lokalavisene få desse.

Fleire aviser kan òg få gravehjelp til å laga god lokal journalistikk om lokal klimarisiko og klimaløysingar lokalt. Ta kontakt viss redaksjonen din har tips, erfaringar og særleg interesse av å jobba med dette prosjektet!

Dei første artiklane i artikkelserien «Lokal klimarisiko» inkl. fleire bilde og faktaboksar m.m. er no tilgjengelege for fri bruk i lokalavisene. Du finn dei her. Denne mappa blir oppdatert med fleire artiklar kvar veke.