Gir spalteplass til engasjert ungdom

Sogn Avis har ei eiga spalte for MOT-ambassadørar dette året. Den første måndagen i kvar månad skriv unge MOT-ambassadørar om tema som engasjerer dei.

– Livet handlar om så mykje meir enn utsjånad, merkeklede, skule og trening. Det er ditt liv, og du må våga å gjera dei tinga du har lyst til og seia kva du meiner, var bodskapet frå dei første MOT-ambassadørane, Anne Hope Skjerven og Nicolina Lunde. Her kan du sjå dei lesa opp spalta si.

MOT er eit førebyggjande og haldningsskapande tiltak som skal bidra til å skapa robust ungdom og eit trygt oppvekstmiljø. Det finst lokale ambassadørar i heile landet. På lokal.mot.no kan du sjekka om det finst ambassadørar i ditt område.