Marsteinen-konfirmantene-forside-2

Slik var politikarane sine konfirmasjonar

Marsteinen har snakka med fire lokalpolitikarar om konfirmasjonane deira på 70- og 80-talet.

Kai feira med rævkrok og handbak, Renate kjøpte stereoanlegg med dobbel kassettspelar éi veke etterpå. Lars Knut syntest Jesus var den store helten og vart aller mest begeistra for å få Det nye testamentet.

May Linn Clement i Marsteinen har snakka med fire lokalpolitikarar om konfirmasjonane deira på 70- og 80-talet. Politikarane deler bilete frå den store dagen, og mimrar om festen, trua, kleda og gåvene.