Os-og-Fusaposten_Livet

Skriv om livet og døden

I Os og Fusaposten sin intervjuserie «Livet og døden» intervjuar dei folk om nettopp livet og døden. Dei stiller store spørsmål som «kva er meininga med livet?» og «er du redd for døden?».

I Os og Fusaposten sin intervjuserie «Livet og døden» intervjuar dei folk om nettopp livet og døden. Dei stiller store spørsmål som «kva er meininga med livet?» og «er du redd for døden?».

Alle har eit forhold til temaet. Likevel pratar me sjeldan om det, skriv Os og Fusaposten. No har journalist Kenneth Svenningsen laga seg ei liste på 20-30 halvkjende personar i Os og Fusa som han vil intervjue om livet og døden.

– At lesarane våre veit kven dei er, føler vi er ein viktig føresetnad for at det skal bli interessant. Tanken er at ulike menneske frå ulike arenaer, med ulike perspektiver skal bli intervjua, seier han.

Til no har alle han har spurt svara ja.