vigga-forside-om-folketallet

Samarbeidde om sak om fråflytting





Avisene OPP, Vigga og Fjuken har samarbeidd om ei sak om korleis fjellbygdene tømest for folk på grunn av fødselsunderskot. Samstundes er bygdene prega av eldrebølge og diskusjon om kommunesamanslåing. Temaet kan også vere aktuelt mange andre stader.

Avisene brukte ikkje mykje tid på detaljplanlegging. Dei utveksla caser og brukte det dei ville av kvarandre sine saker. OPP laga grafikk og hovudsak på tala.

Avisene har mellom anna saker om kvinner som flytter mot straumen og framsnakkar det gode livet på bygda, og om arbeid som er gjort og kan gjerast for å gjera bygdene meir attraktive.