Sunnhordland_Krisepakke

Samarbeid kan gje sterkare journalistikk

Små redaksjonar kan grave djupare om dei samarbeider med andre. Sunnhordland deler siner erfaringar med samarbeidsprosjektet om krisemilliardane.

Små redaksjonar kan grave djupare om dei samarbeider med andre. Fleire LLA-aviser har erfaring med dette.

I eit samarbeidsprosjekt fekk Klassekampen 14 lokalaviser med seg på å spore opp krisemilliardane som skulle motverke den aukande arbeidsledigheita etter oljekrisa. Anders Totland i Sunnhordland var ein av journalistane som jobba med prosjektet. Han vil anbefale andre journalistar å delta i liknande samarbeid om dei får sjansen.

– Viss ein først legg inn ein innsats, kan ein fort få tilbake meir enn ein har lagt inn. Samtidig må ein vere villig til å gje frå seg litt av styringa, påpeiker han.

Klassekampen gjorde ein stor koordineringsjobb, medan lokalavisene grov i dei lokale tala.

– Det gav oss ein unik sjanse til å setje nasjonal dagsorden, seier Anders Totland.

Saman fann avisene ut at dei 400 millionane som gjekk til 64 kommunar nesten utelukkande vart brukt på lokale tiltak. Over halvparten av dei 4,6 milliardane som departementa bruke, gjekk inn i nasjonale budsjett eller til enkeltprosjekt i andre landsdelar enn den kriseramma kysten.

Avisene som var med på Klassekampen-prosjektet var Sunnhordland, Avisa Hordaland, Os og Fusaposten, Strandbuen, Gjesdalbuen, Firda, Fædrelands­vennen, Haugesunds Avis, Jærbladet, Lindesnes Avis, Rogalands Avis, Romsdals Budstikke, Sunnmørsposten og Tidens Krav.

Her kan du laste ned Sunnhordland sine saker om krisemilliardane.

Les mer om prosjektet på krisepakke.no.

Les også om OPP, Vigga og Fjuken som samarbeidde om ei sak om fråflytting frå fjellbygdene.