29NYH29KULfallskjermtintrabrua42_agp_agp

På rett plass for lågtfykande våghalser

Fallskjermhopparen Andreas Håland Hemli flyg lågt nok til å passera under Tintrabrua. Hordaland var på plass då dei røynde hopparane gav seg i kast med vågestykket. FOTO: SIRI FLATLANDSMO

Journalist Siri Flatlandsmo var parat med fleire kamera og mobil, då bygdas mest høgtsvevande akrobat sikta seg inn under ei låg gangbru.

Sjølv medan heile landet ligg i sola og dormar, skjer det noko. Det kan svara seg å halde kontakt med hyperaktive miljø.

– Det var ei utfordrande sak å laga, for alt skjedde på veldig kort tid. Eg var på plass nesten ein time i forvegen, for eg måtte førebu meg til å ta bilete, filma, notere og publisere på Snapchat på omtrent samme tid, fortel journalist Siri Flatlandsmo i avisa Hordaland. Ho var godt budd der ho stod ved bredda av det uvanleg vass-fattige elva Vosso denne sommerdagen. Tintrabrua er ei gangbru, gjenoppbygd etter flaumen i 2014 som tok den forrige. Berre den delen av brufundamentet som er i betong, står att etter den gamle. Tørkesommaren 2018 hadde gjort passasjen mellom gangbru og vassfar så stor og freistande at persisjonsflygarane i fallskjermklubben berre måtte ta utfordringa.

BUDD PÅ ACTION

– Det var mykje venting til å byrja med, fortel Flatlandsmo.

– Men så, plutseleg, kom dei flygande som perler på ei snor. Eg fekk lagt ut bilete på Snapchat i for- og etterkant, men ikkje då hopparane var i lufta. Det var eigentleg ikkje så mykje å notera under sjølve stuntet, bortsett frå innhaldet i enkelte gledesbrøl. Fokuset mitt låg på bilete og på å sjekka at videokameraet rulla og gjekk.

Som perler på ei snor flaug tre fallskjermhopparar på rad under brua.

– Det er ikkje så ofte eg lagar video, men her var det faktisk noko med skikkeleg action som skjedde. Alt er filma frå samme vinkel, for noko anna hadde eg ikkje tid til. Det gjorde redigeringa enkel, men eg brukte ein del saktefilm for at det skulle vera lettare for tilskodarane å sjå kva som skjedde. Og for å gjera videoen litt artigare.

Her kan du sjå video av falskjermstuntet 

– Det var ekstremt god stemning etter landing, hopparane var fulle av adrenalin.

Den spente stemninga på førehand, den høge farten og glade menneske gjorde at det var veldig gøy å lage denne saka!

– Og så er det bra stuntet vart ein suksess, utan skadar av noko slag.

PÅ LAG MED EKSTREMSPORTEN

Avisa er generelt opptekne av ekstremsportmiljøet i bygda. Den største fallskjermklubben i landet held til på Voss.

SISTESIDA: Avisa Hordaland brukar ofte sistesida til lettare reportasjar. 31. juli var saka både lett og krevande.

– Saka landa rett i fanget på oss. Andreas Håland Hemli, sjef i fallskjermklubben, tipsa oss om kvadei hadde planlagt og omtrent når det skulle skje. Han tipsa også om kor me kunne stå for å få dei beste bileta.

– Eg trur han ringde oss fordi me ganske ofte skriv om fallskjermmiljøet og ekstremsport generelt. Me hadde eigentleg tenkt å laga ei førehandssak på stuntet, men slik vart det ikkje. For viss eit stunt skal vera annonsert må visst alle som skal hoppa ha ein spesiell lisens. Og: I tilfelle noko skulle gå gale var det like greitt å ikkje ha altfor mange menneske ståande ved landinga.

I tillegg til Siri Flatlandsmo sine eigne bilete fekk avisa òg tilsendt materiale både frå andre tilskodarar, og publiserte både billedserie, videoer og eika sak på nett og i papiravisa. I tillegg til snap frå sjølve hendinga.

– Det er ikkje så ofte eg lagar video, men her var det faktisk noko med skikkeleg action som skjedde. Alt er filma frå samme vinkel, for noko anna hadde eg ikkje tid til. Det gjorde redigeringa enkel, men eg brukte ein del saktefilm for at det skulle vera lettare for tilskodarane å sjå kva som skjedde. Og for å gjera videoen litt artigare.