Hordaland-badnateigen

Revolverintervju med ordføraren

Hordaland sine sider for born heiter Badnateigen. Dei skal vera med born, for born på borna sine premisser. Sist var det borna som intervjua ordføraren.

Hordaland sine sider for born heiter Badnateigen. Dei skal vera med born, for born på borna sine premisser. Sist var det borna som intervjua ordføraren.

Ordføraren måtte svara på ei rekke alvorlege og vanskelege spørsmål då to godt førebudde femteklassingar kom for å intervjua han:

– Vert det fleire skulenedleggingar?
– Får me nytt, stort basseng på Voss?
– Skal Noreg slutta å pumpa olje opp frå havbotnen, og heller spara for dei som kjem seinare?

Elin Madsen sat på sidelinja og tok notater. Ho fekk lite etterarbeid med intervjuet, som stort sett kunne skrivast slik det vart gjennomført.

– Me brukar ofte femteklassingar. Dei er så store at dei forstår mykje, men framleis stolte av at dei er born, seier Madsen.

Ingerid Jordal har teke biletet.

Skriv de for born? Kjøp nokre utgåver av Aftenposten Junior og sjå korleis dei gjer det. Før dei starta opp, spurte dei born kva dei ville ha. Dei ville ha nyheitssaker om dei same temaa som vaksne er opptekne av, forklart på ein enkel måte og i ei fargerik og fin innpakking. I tillegg ville dei ha morosamt småstoff. Og så ville dei lesa papiravis. Nettet hadde dei gjerne avgrensa med tid til, og den tida ville dei bruka på andre ting.

Dei lettleste avisene Utrop og Klar Tale kan òg vera til inspirasjon. Dei har til dømes korte, enkle og presise oppsummeringar av tekstane og uthveing og forklaring av vanskelege ord.