Hordaland_Sommarflørten framsida

Lokalavisa vil spleise single innbyggjarar

Avisa Hordaland har ein teori om at det er litt vanskeleg å finne seg ein kjærast når ein bur på bygda. I sommar vil dei hjelpe dei single på veg.

SOMMARFLØRTEN: Over ei dobbeltside presenterer Hordaland eitt par og ein singel i sommarspalta si.

Avisa Hordaland har ein teori om at det er litt vanskeleg å finne seg ein kjærast når ein bur på bygda. I sommar vil dei hjelpe dei single på veg. 

Kan hende er den gode, gamle kontaktannonsa i papiravisa meir effektiv enn alle date-appane? Det kan kanskje Sommarflørten i avisa Hordaland bli eit bevis på. Der presenterer dei single personar på jakt etter kjærleiken. Dei som vil på date med den single, kan få kontakt gjennom Hordaland.

Før dei gjekk i gong med serien brukte Hordaland Snapchat til å etterlyse single folk på jakt etter ein date. Opplegget i Hordaland blir til litt etter kvart, og om nokon får seg ein date vil avisa meir enn gjerne vere med.

I tillegg presenterer dei også eit par i kvar avis, med historia om korleis dei to møttest.

Avisa har ei lang liste med aktuelle, halvkjende par frå området.

– Men vi kan ta heilt ukjende folk også, om dei har ei god historie. Historia treng absolutt ikkje å vere veldig spennande eller spesiell, berre god. Og dei aller fleste har faktisk ei god kjærleikshistorie, kommenterer journalist Sara Finne.