Grenda cover

Lar biletet famna heile avisa

Dronning Sonja vart møtt av eit talrikt publikum i Guddal, og ønskt velkommen av gallerieigar Gøril Guddal.   FOTO: HÅVARD SÆTREVIK.

Av og til, når ein har eit verkeleg stort bilete, er det eit fint grep å dra skikkeleg til. Det gjorde Grenda. På kongeleg vis.

– Me har kanskje gjort det same grepet på ei påskeavis eller to for nokre år sidan, men det er relativt sjeldan at me har brukt dette verkemiddelet. Eg er fornøgd med resultatet og syns det fungerte godt denne gongen, vedgår redaktør Håvard Sætrevik. Før han legg til:
– Men så er eg òg hylande inhabil, då eg både tok biletet og brekte framsida/baksida.
Det storslegne biletet er frå utstillingsåpninga til Dronning Sonja på Galleri Guddal på jonsokaftan. Dronning Sonja har i år si einaste separatutstilling nettopp her i år.

Lokalavisa Grenda kjem ut i Rosendal, tysdag og torsdag. Avisa dekker primært Kvinnherad.