Kvinnheringen-trafikkavis-tilvising

Laga avis om den farlege trafikken

Etter eit år med fleire alvorlege bilulukker har Kvinnheringen tatt tak i problemet og laga ei heil avis om den farlege trafikken. I den sterke og tankevekkjande avisa oppmodar dei alle til å ta ansvar.

Etter eit år med fleire alvorlege bilulukker har Kvinnheringen tatt tak i problemet og laga ei heil avis om den farlege trafikken. I den sterke og tankevekkjande avisa oppmodar dei alle til å ta ansvar.

I 2017 skjedde det 18 trafikkulukker med alvorleg skadde til følgje i Kvinnherad, og natt til tredje juledag skjedde den første dødsulukka på to år. Slikt rystar eit lokalsamfunn. Derfor har vi via heile denne avisa til saker om ungdom og trafikk, både for å setja temaet på dagsordenen, men også for å prøva å forstå. Kvifor hadde vi så mange ulukker i fjor når tala går ned elles i landet? Kva kan gjerast, og kven har ansvar for å gjera noko? skriv Kvinnheringen på leiarplass.

I avisa får lesarane mellom anna møte foreldre som har mista born i trafikkulukker og ein mann som knekte nakken og vart lam i ei bilulukke då han var ung. Kvinnheringen har intervjua politiet som jobbar med ein analyse av ulukkene, UP som vil halda fleire kontrollar i området, ein køyrelærar som seier at dei ser eit haldningsproblem blant menn, og ein ung, anonym råkøyrar som bekreftar nokre av køyrelæraren sine påstandar.

– Desse sakene gjekk og veldig bra på nett, og vi hadde over 40 nye sal på trafikksakene totalt, fortel redaktør Tomas Bruvik.

Her kan du laste ned pdf av nokre av sakene i avisa.

Oppdatering: 30. mars 2019 fekk denne saka heiderleg omtale i LLAs journalistpris.

Begrunnelse fra juryen for journalistprisen (Kristine Holmelid, Kjersti Løken Stavrum og Bjørn Asle Nord):

«Det er alltid snakk om kven som er tøffast, best i å køyra eller kven som har den grommaste bilen. Vi likar å visa fram og testa bilane våre, og då er kappkøyring måten». Ungdommen som snakkar har krasja fire–fem gonger. I 2017 var det 17 alvorlege bilulukker i Kvinnherad. Han som er intervjua kjende alle saman. Sidan 1999 har 14 personar mista livet i trafikkulukker i kommunen. «Vi har ingen fleire å mista» skreiv Kvinnheringen på førstesida 2. februar i fjor, og lista opp alle 14. Redaksjonen ville ikkje lenger vere den som omtala alle ulukkene enkeltvis og så gjekk vidare til andre nyheitssaker. Dei ville bidra til førebyggjande arbeid. Over 24 sider denne dagen fortel Kvinnheringen om opprivande bilulukker, om ungdom og råkøyring, om sorg og sakn – og om korleis ein kan få bukt med ulukkene. Vinklingane er skarpe, historiene er sterke. Vi i juryen kjenner på den same fortvilinga som dei som er intervjua; dei som sit igjen, dei som overlevde, dei som er skadde for livet, og dei som jobbar med dette kvar dag. Eit mykje omtala tema, eit like fortvila problem. I etterkant har politiet og kommunen inngått eit samarbeid for å unngå fleire ulukker. Ei gruppe køyrelærarar og jenter i alderen 16–18 år vann Hordaland fylkeskommunes trafikkpris for 2018 for ein trafikkampanje dei drog i gang. Vi i denne juryen synest de fortener heiderleg omtale for måten de løyste samfunnsoppdraget på denne dagen.

Framsida fekk dessutan publikumsprisen «Årets lokalavisside». Fagjuryen (studantene Silje Marie Murbræch, Cecilie Mæhre og Gerda Røren ved Universitetet i Sørøst-Norge) som hadde valt ut fem finalistar uttalte:

«Denne avisforsiden har en unik tilnærming ved bruk av typografi. Dette, samt bruken av kontrastfarger, skaper et spennende blikkfang. Samtidig som at dette er en sak tydelig rettet mot lokalsamfunnet, og er et godt eksempel hvordan dette kan gjøres på en interessant måte.»