Kvinnheringen_Kyrkjegarden

Kyrkje-utmelding skapar gravferds-dilemma

Fleire melder seg ut av kyrkja etter at det vart opna for digital utmelding. Så også i Kvinnherad. Det har skapt eit nytt dilemma: gravferder for dei som ikkje er medlem i kyrkja.

Kvinnheringen har intervjua soknepresten, som fortel at seremoniane i kyrkja er for medlemer. Prestane kan bruka skjønn og halda seremoniar også for dei som ikkje er medlemer, men det er ikkje like lett når den det handlar om ikkje er i live. Han oppmodar difor folk til å snakka med pårørande om dette når dei melder seg ut av kyrkja.

Det finst alternativ til kyrkjeleg gravferd. Human-Etisk forbund arrangerer gravferdsseremoniar, og det er også mogleg å halda ein seremoni på eiga hand, eller ikkje i det heile.

Det er vanskeleg å finna eigna lokale til ikkje-kyrkjelege gravferder. Kvinnherad har tolv kyrkjer, men ikkje eitt livssynsnøytralt seremonirom. Kvinnherad har dessutan berre vigsla gravplassar, men det er no planar om utviding av gravplassen med eit ikkje-vigsla område.

Her kan du finna statistikk over inn- og utmeldingar i Den norske kyrkja:
https://kirken.no/nn-NO/om-kirken/bakgrunn/om-kirkestatistikk/medlemsstatistikk/