FOTO: dinside.no
FOTO: dinside.no

Kven skal bestemma heime hos deg?

FOTO: dinside.no

Det er 368 dagar til valet. Men nominasjonsprosessen er starta, og der står kampen om kven får sikker plass til neste kommunestyre.

9. september neste år er det kommune- og fylkestingsvalg. 

Det vart vedteke av Stortinget alt i fjor at 121 kommunar skulle sjåast saman til 47 nye, og talet på fylke reduserast til 11.

Valet 9. september 2019 vert gjenomført som om sammenslåingane er skjedd. Dermed vert det innbyggjarane i dei «nye» kommunane som både stiller til val og har stemmerett i dei nye kommunane.

Partia er i gang

I enkelte parti, som i SV, har nominasjonsprosessen starta for lengst. Men først utpå hausten vert det avgjort kven som kjem på sikre plassar på dei ulike listene. Kjønns- og aldersballanse i det neste kommunestyret og fylkestinget vert avgjort av stemmegjeving og kumulering, men det viktigaste er likevel kven partia nominerer på topplass. Er alle sikre plassar på lista blinka ut for folk over 50 år, så er dørene i praksis stengde for studentar og småbarnsforeldre.

Skal lokalavisa spela ein offensiv rolle i lokaldemokratiet, bør planane ta form no.

Sjekk LLA sine 10 gode råd før valet

  1. Kartlegg veljarane sine viktigaste saker
    Oppsøk folk, eller ha ei spørjeundersøking, og finn ut kva saker folk er opptekne av. Samtidig kan du spørje om partival.
  2. La valet handle om innhald
    Saksspørsmål er viktigare enn person og partipolitisk kappløp. Krev at politikarane klargjør kva dei meiner sjølve, ikkje berre kritiser motparten.
  3. Oppfordra til debatt
    Gje rom for inkluderande debattar der ulike synspunkt slepp til. Dette kan kreve at du aktivt oppsøker folk og ber om kommentar og leserinnlegg.
  4. Skap møteplassar
    Arranger møte mellom innbyggjarar og politikarar. La mannen og kvinna i gata stille spørsmål direkte til politikarane, i staden for journalisten. Kva vil naturvernaren, åleinemora, og 80-åringen utfordra politikarane på?
  5. Løft fram unge kandidatar
    Sjekk om partia rekrutterer unge, og om dei er noko meir enn listefyll. Snakk med dei unge i kommunestyret. Korleis er livet som folkevald? Får dei gjennomslag?
  6. Snakk med førstegongsvelgjarane
    Refleksjonene deira kan setja i gang tankeprosesser hjå fleire
  7. Snakk med småbarnsforeldre
    Kommunale tenester betyr ekstra mykje for småbarnsforeldre. Det er viktig at dei får ei stemme både i politikken og som innbyggjarar.
  8. Husk fylkestinget
    Sjekk om valglistene har lokale kandidatar. Sjå kva saker som har lokale konsekvensar som skal opp. Og kva meiner kandidatane om desse sakene?
  9. Vurder partiprogramma
    Finn partiprogramma frå førre val og sjekk kven som har fått mest gjennomslag. Sjå på årets valgløfter. Klarer partia å prioritere? Kor skal dei ta pengane frå? Få ein siviløkonom, ein samfunnsgeograf eller andre fagfolk til å kommentere.
  10. Hugs nettet!
    Gode og viktige saker må ut i alle kanalar for å verta leste og skapa debatt, særleg blant dei unge.