No er tida for å sjå på statistikkar for fjoråret. Har du sjekka kva lokale lag som har fått pengar gjennom Norsk Tipping og grasrotandelen? Grannar presenterer statistikken for sine kommunar, og har snakka med laget som toppar lista om kva pengane betyr for dei.
– Januar er viktig med tanke på å oppsummera fjoråret, og me har fleire saker på gang, kommenterer redaktør Arne Frøkedal. Han nemner nokre døme på statistikk som kan gje interessante saker: jakt (hjortejakt), bibliotekutlån, nyregistreringar, konkursar/tvangsavviklingar (Brønnøysund), trafikk (teljingar, bompengar, ferjer).
Frå denne sida kan du laste ned oversikt over grasrotmottakarane, fordelt etter kommune. Du får sjå beløpet dei har fått inn, og kor mange gjevarar beløpet er fordelt på.