Meiningsmålinga vart presentert under debatten, og sto sidan på trykk i avisa.
Meiningsmålinga vart presentert under debatten, og sto sidan på trykk i avisa.

Kickstarta valkampen med meiningsmåling og valdebatt

Hardanger Folkeblad har ei offensiv valdekning. Med meiningsmåling og valdebatt sette dei agendaen allereie i april.

Hardanger Folkeblad har ei offensiv valdekning. Med meiningsmåling og valdebatt sette dei agendaen allereie i april.

Alle listetoppane stilte då Hardanger Folkeblad arrangerte valdebatt. (Skjermdump frå Hardanger-Folkeblad.no)

Redaktør Eivind Dahle Sjåstad. (Skjermdump frå Hardanger-Folkeblad.no)

Hardanger Folkeblad dekker samanslåingskommunane Odda, Jondal og Ullensvang. Kommunesamanslåing betyr nye parti og nye politikarar, og mange spørsmål om korleis det politiske landskapet vil bli.

– Difor ville vi kickstarte heile valkampen, seier redaktør Eivind Dahle Sjåstad.

I slutten av april inviterte dei til valdebatt i samarbeid med litteraturhuset i Odda. Alle listetoppane stilte, og det vart full sal med 80 tilskodarar. I tillegg følgde mellom 300 og 400 debatten direkte via live-sending. Her kan du sjå opptak av debatten.

Fleire av partia meinte debatten vart arrangert for tidleg, då dei enno ikkje hadde vedtatt partiprogramma. For avisa betydde det at dei sjølv sette dagsorden og valde kva tema som skulle debatterast. Dei valde mellom anna å stille spørsmål om dei mest aktuelle sakene som dei hadde skrive om dei siste vekene, i tillegg til å ta opp nokre generelle tema som samferdsel, veg og rassikring.

– Vi prøvde å velje tema som vi veit at det er usemje om, seier redaktøren, som sjølv leia debatten.

Meiningsmålinga vart presentert under debatten, og sto sidan på trykk i avisa.

Dessutan hadde avisa bestilt ei meiningsmåling i forkant av debatten. Den vart presentert under debatten, og la premissene for mykje av debatten. Meiningsmålinga viste at Senterpartiet ligg an til å bli det største partiet i den nye kommunen.

Hardanger Folkeblad har fått gode tilbakemeldingar på debatten frå både veljarar og partia. Politikarane vart tvungne til å gå i gang med valkampen. No køyrer dei på med utspel, seier Eivind Dahle Sjåstad.

Hardanger Folkeblad vil arrangere ny debatt nærare valet. Også då skal dei ha direktesending, den gongen med grafikk som viser namn på dei som har ordet. Hardanger Folkeblad brukar LiveU Solo til direktesendingar. Dei skal også ha live-sending gjennom valkvelden, på valvake som dei sjølv skal arrangere. Elles vil dei fram mot valet mellom anna intervjue kandidatar lengre nede på listene, og ikkje berre listetoppane – eit tips dei fekk med seg frå LLA-landsmøtet i Drammen tidlegare i år.