Sogn-Avis-Bygdepride

Ikkje berre lett å vere skeiv på bygda

«Vi pakker regnbueflaggene våre og drar», skreiv transpersonen Karoline i et lesarinnlegg i Sogn Avis. Ho meiner fleire bygder burde arrangert Bygdepride.

«Vi pakker regnbueflaggene våre og drar», skreiv transpersonen Karoline i et lesarinnlegg i Sogn Avis. Ho meiner fleire bygder burde arrangert Bygdepride.

Karoline får aldri stå i køen på Meny og berre vere ein enkel student. Ho er alltid transen. Ho har fått mykje støtte i bygda, men ho har også opplevd mykje hets og trakassering.

Sogn Avis og journalist Sigrid Nese tek tak i problemet som Karoline tek opp. I eit større intervju fortel ho kvifor ho har bestemt seg for å forlate Sogndal. Kort tid etter at ho endra identitet frå Kristoffer til Karoline, uttalte ho seg positivt om bygdedyret. Men etter kvart innsåg ho at det vil vere lettare å vere ei i mengda i ein større by.

Sigrid Nese har også intervjua leiaren i FRI, foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald, samt ein homofil mann frå Sogndal som no studerer i Volda.

Ørsta/Volda hadde nyleg sin eigen pride-parade som fekk merksemd over heile landet. Endeleg er det heilt streit å vere skeiv på bygda, var det mange som sa. Karoline meiner mange norske bygder hadde hatt godt av at det blei arrangert lokale Bygdepride. Ein treng å bli minna på at ikkje alle er heterofile, seier ho.

Korleis er det å vere LHBT-ar (lesbisk, homofil, bifil eller transperson) i ditt område?

Her kan du lese sakene i Sogn Avis.

Bygdepride i Ørsta og Volda vart ein suksess. Fleire tusen gjekk i tog under det som vart ein stor folkefest. I lokalavisa Møre kan du lese meir om Bygdepride.