Hallingdølen_Asle Sorbel_Side_1

Fortalde historia om hallingen som stansa Jesse James

I påskemagasinet kunne Hallingdølen fortelja historia om Asle Oscar Sorbel – eller Sørbøl, utvandrarson frå Gol, som i 1876 var med på å stansa Jesse James og den frykta James-Younger-gjengen hans etter den største menneskejakta i amerikansk historie. Ei fantastisk historie frå ville vesten, fortald med stor detaljrikdom og historiske fakta. Likefullt ei sann historie, basert på rike historiske kjelder.

Journalist Magnus Lindahl byrja å jobba med historia etter at han i Aftenposten sitt historiemagasin las om eit register der ein kan finna dei fleste nordmenn som var med i den amerikanske borgarkrigen. Deretter byrja han å googla borgarkrigen og hallingar.

– Det finst fantastiske kjelder på internett. Internett var heilt avgjerande for denne saka. Slik kunne eg også få tak i slektningane til Asle Oscar Sorbel , seier han.

Historia om Asle Oscar Sorbel har ikkje vore kjent her heime, men då Magnus Lindahl byrja å grava, fann han kjapt ut at det er ei stor sak i Minnesota, der dei mellom anna har ein stor festival til minne om hendinga. Difor var det lett å sjekka opplysningane i amerikanske kjelder.

Magnus Lindahl har jobba med historia om Asle Oscar Sorbel i over eit halvt år.
– Eg har lese bøker og dokument på fritida. Det er det mest omfattande arbeidet eg har gjort sidan eg byrja å jobba i Hallingdølen. Det har vore inspirerande å jobba med, spesielt fordi eg veit at her ryddar vi plass når vi har ei god historie, seier han.

Grafikar Jarle E. Stanes har i tillegg jobba mykje med presentasjonen av saka, noko som gjer lesaropplevinga endå betre.

– Når historisk stoff er presentert på ein fengande måte, fenger det lesarane – også dei yngre. Det er denne typen stoff eg får mest positive tilbakemeldingar på, seier Magnus Lindahl.

Han har mastergrad i historie. I dei tre åra han har jobba i Hallingdølen, har han jobba systematisk med å finna historiske vinklingar på stoffet. Han meiner lokalavisene kan bli flinkare til å bruka skriftlege kilder til det historiske stoffet.

– Eg brukar bygdebøker og lokalhistoriske skrift systematisk. Det enklaste er å ta krigshistoria, der er det mange gode saker. Det er framleis behov for å skriva om krigen, for folk har gløymt det, eller aldri fått høve til å lesa det. I fjor opna til dømes landssvikararkivet for innsyn, der kan det liggja lokale saker, seier han.

Bildearkiva til historielaga eller Arkivverket er også ein fin stad å leita etter stoff. I arkivverket sitt fotoarkiv ligg mellom anna bileta av bergensarar på påskeferie på Finse i 1911, også dei publisert i Hallingdølen sitt påskemagasin. Du kan lesa heile påskemagasinet her.

Det historiske stoffet kan til dømes aktualiserast på relevante datoar eller i jubileumsår. I år er det 70 år sidan traktoren gråtassen kom til Noreg. Når traktorane kjem ut på jorda i mai, planlegg Magnus å finna nokre lokale bønder med gråtassar.