Vest-Telemark-blad-Tuberkuloseheim

Historia om ein tuberkuloseheim

I 1950 fanst det om lag 135 spesielle anstaltar spreidd rundt om i landet for kur og pleie av dei tuberkuløse. Vest-Telemark Blad skriv historia om ein av dei.

I 1950 fanst det om lag 135 spesielle anstaltar spreidd rundt om i landet for kur og pleie av dei tuberkuløse. Vest-Telemark blad skriv historia om ein av dei.

Tuberkuloseheimen Granlien opna i 1914. Drifta gjekk med underskot frå starten av, skriv journalist Kari Smeland:

Fylkeslege M. Moe fekk klager på drifta. Nokre meinte dei fekk for lite mat og mjølk, og for mykje saltmat. Moe samanlikna maten på Granlien med andre tuberkuloseheimar, og fann ut at maten var dårlegare der enn andre stadar. Det kom også klagar på styrarinna. I 1926 skriv ein anonym innsendar i eit innlegg i Telemark kommunistblad at styrarinna på Granlien «har et humør som en brølende løve» og «utgir sine ordre med sin veldige røst».

Her kan du lese heile saka i Vest-Telemark blad.

Det meste av opplysningane om Granlien fann Kari Smeland i årsskrifter frå historielaget.

– I tillegg prata eg med nokre som har jobba der tidlegare, budd i nabolaget og slikt, for å finne ut meir kor eg skulle leite. Ein tur på biblioteket og ein prat med leiar av sanitetslaget som har vore mykje i bygget, fortel ho.

Ho fann informasjon og tal om tuberkulose hos SSB, Folkehelseinstituttet og Teknisk museum.

Vil du finne ut meir om ein lokal tuberkuloseheim? I Arkivportalen kan du finne bilete og anna arkivmateriale. På Wikipedia kan du finne ei liste over tuberkuloseheimar som eksisterte i 1926. Sjekk også Teknisk museums nettutstilling om tuberkulose.