Dølen2-forsider

Heiderleg omtale: Får mykje ut av nøkterne ressursar

Dølen fekk heiderleg omtale i «Årets lokalavis». Juryen hadde lagt merke til at lokalavisa byr på sterke historiar og viktige gravesaker, og meiner at dei får mykje ut av nøkterne ressursar.

Dølen fekk heiderleg omtale i «Årets lokalavis». Juryen hadde lagt merke til at lokalavisa byr på sterke historiar og viktige gravesaker, og meiner at dei får mykje ut av nøkterne ressursar.

Dølen er lokalavis for Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu i Gudbrandsdalen.  Avisa har fem årsverk og kjem ut på papir kvar torsdag og jamnleg på nett. Avisa har eit godkjent opplag på 3873.

2018 var året Dølen verkeleg sette dagsorden. Avisa tok tak i tema som kan vere utfordrande for ei lita lokalavis å fronte. Dei skreiv mellom anna om korleis kommunen vedtok å legge til rette for hyttebygging i eit område som ein av saksbehandlarane eigde, om ein butikk som enda med å verte meld til politiet for svindel, og om ulovleg «burning» i etterkant av bilarrangement.

Samstundes er avisa opptatt av kvardagsjournalistikken. Dei ønsker å spegle lokalsamfunnet og ha vanlege folk på trykk.

Avisa får også skryt for å bruke mange unge kjelder, som i temanummeret «Ung døl». Sjå også den fine reportasjen om 11 år gamle Selma, som er født blind men er desto flinkare til å bruke høyrselen:

Hovudbildet ga også heiderleg omtale til Tone Sidsel Sanden i «Årets lokalavisfoto».

«Årets lokalavis»-juryen uttalte:

Dølen er tett på lesarane sin kvardag. Vi møter mange menneske i avisspaltene, også unge, mellom anna i serien «Ung døl». Avisa har ei fin blanding av harde nyhende og sterke reportasjar – og Dølen er flinke til å bruke luft i presentasjonane, der også bileta kjem til sin rett.

Lokalavisa byr også på sterke historiar og viktige gravesaker. Redaktøren sjølv oppsummerer ein kritisk reportasje på ein god og presis måte i ein av leiarartiklane sine: «Dette er ikkje flisespikkeri, ikkje eit forsøk på å henge ut nokon, ei heller storm i eit vannglass. Dette handlar om å bidra til å bygge eit samfunn på tillit og redelighet.»

Sjølv om Dølen framleis har litt å gå på for å utnytte eigenskapane til nettet, har avisa ein imponerande digital vekst. Både på papir og nett får lokalavisa mykje ut av nøkterne ressursar.

Dølen fortener heiderleg omtale i Årets lokalavis-konkurransen til LLA.

I juryen var Inger Boldvik, Drammens Tidende, Eivind Andrés Fjellstad, Institutt for journalistikk og Roger Aarli-Grøndalen, Journalisten.