014

Flaks som journalistisk metode

TEATER PÅ NEDLAGT SINNSSJUKEHUS: Kjersti Elvik spelar rollen som fødselsdeprimert kvinne, stengt inne i eit lukka rom. «Det gule tapetet» vart spela på det nedlagde sjukehuset Harastølen, 500 meter opp i fjellsida over Lusterfjorden i Sogn. (FOTO: SOGN OG FJORDANE TEATER)

Kultur-reportasjen vert alltid betre når du opnar for publikum. Denne gongen set ein tilfeldig publikummar teateret i historisk perspektiv.

– Litt flaks skal ein ha av og til, seier journalist Sigrid Nese i Sogn Avis.
    Ho dekka den svært spesielle teaterframsyninga «Det gule tapetet».

God plan og litt flaks

Ho hadde planlagt jobben slik at ho kunne få flaks.
    – Det var heile tida planen min å snakka med publikum etter premieren. Eg ville høyra deira oppleving av stykket, fortel Nese.
Teaterframsyninga var sett opp på  Harastølen, eller Lyster Sanatorium (opna i 1902). Sjukehuset vart bygd som tuberkolosesanatorium, var ein lang periode psykiatrisk sjukehus og på 90-talet asylmottak. Sidan har det stått tomt.

Har sjølv arbeidd på staden

Teaterstykket er ei framsyning med tung psykiatri som tema.
    – Mektig, seier Marit Einarsrud.
    – Veldig imponerande, seier Gunn Kristin Alme. Ho har sjølv både budd og arbeidd på Harastølen då det var psykiatrisk sjukehus. Det som no er ein tom, gigantisk bygning, var den gongen eit levande samfunn.
    – Eg har Harastølen i mitt hjarta, seier ho. Begge kunne tenkt seg teateropplevinga ein gong til.

Fortel om fortid og framtid

Alt for mange kultur-reportasjar består av ein tekst der arrangøren fortel om sitt eige arrangement.
Og ofte finst berre den eine kjelda.
    Grepet Sogn Avis sin journalist tek, er både enkelt og genialt. Og det gjer reportasjen mykje meir leseverdig.
Vi får publikum sin reaksjon på stykket.
    Bonus er at dei tilfeldige publikummarane fortel si historie. Alme minnest eigne arbeidsdager, og peikar dessutan på framtidsplanene for det spesielle bygget.
– Eg håpar det blir hotell. Eller eigentleg er det det same kva det blir, berre det blir brukt til noko. Det er ikkje meininga at dette bygget skal døy.
    I Sogn Avis sin reportasje frå Harastølen har me desse medverkande:
  • Marie Paulsen, skodespelar, debutant som profesjonell, opprinneleg frå Luster
  • Kjersti Elvik, skodespelar, fødselsdeprimert og innesperra
  • ein dansar
  • Jeff Pedersen, regissør som òg fortel om sitt eige personlege drama: Han brakk ryggen rett før premieren
  • Marit Einarsrud, tilfeldig publikummar
  • Gunn Kristin Alme, tilfeldig publikummar, og tidlegare tilsett på Harastølen då det var psykiatrisk sjukehus
  • Handlingsreferat
  • Observasjon