Firdaposten minnelig ordning-2

Fekk minneleg ordning etter PFU-klage

Firdaposten kom fram til ei minneleg ordning med dei pårørande som klaga dei inn til PFU for måten dei dekka ei bilulukke i desember.

Firdaposten kom fram til ei minneleg ordning med dei pårørande som klaga dei inn til PFU for måten dei dekka ei bilulukke i desember.

PFU rådde Firdaposten til å ha eit dialogmøte med klagaren. I møtet vart dei einige om at klagaren fekk spalteplass til å presentere synet sitt, og redaktøren kom med eit tilsvar der han beklaga. Einigheita førte til at klagaren trekte klagen.

Redaktøren følte dette var ei god løysing, og han trur at lesarane legg vel så godt merke til dette oppslaget som ein PFU-dom trykt i ei grå ramme. Når det er sagt er han ikkje så redd for å få ein klage vurdert av PFU.

– Eg har ei haldning om at vi ikkje skal vere så redde for å bli klaga inn for PFU, og at vi heller ikkje skal vere så frykteleg redde for å verte dømte, så lenge vi tar lærdom av det. Det finst jo ofte ikkje nokon fasit i slike saker, seier redaktør Svend Arne Vee.

Tett på ulukka
30. desember var det ein frontkollisjon med fleire hardt skadde i Flora. Firdaposten kom tett på og publiserte biletserie og video frå skadestaden. Dei pårørande reagerte mellom anna på at det vart publisert nærbilete frå ulukka før dei pårørande var varsla.

«Spørsmålet som pårørande stiller seg er om ei lokalavis skal legge seg på ei slik linje ved publisering av tragiske hendingar», skriv dei.

I sitt tilsvar skriv Svend Arne Vee: «Spørsmålet er betimeleg, og svaret er nei. Etter gjennomgang av det publiserte materialet (tekst, bilete og video), internt i redaksjonen vår og i dialogmøte med representantar for dei pårørande involvert i ulukka, er det ikkje vanskeleg for oss som journalistar og publisistar å slå fast at denne gongen gjekk Firdaposten for langt. Vi går for langt på ein måte som skapar ei ekstra belastning for dei som er råka av den stygge ulukka. Slik skal det ikkje vere.»

Har retningslinjer
– Denne typen saker er vanskelege for lokalaviser som ikkje har nok blålystrening, seier Svend Arne Vee.

Han meiner det er to kodeksar for journalistar når dei skal dekkje ulukker. Den eine handlar om korleis dei skal opptre profesjonelt på ulukkesstaden. Den andre om korleis dei skal publisere. Klagaren kritiserte i utgangspunktet både korleis Firdaposten opptredde på skadestaden, og publiseringa. Svend Arne Vee var heilt ueinig i at dei hadde opptredd uprofesjonelt på skadestaden.

– Vi har brukt ganske mykje tid på å lage retningslinjer for korleis vi skal opptre på skadestaden, og meinte sjølv at vi hadde opptredd profesjonelt. Vi kontakta skadestadsleiaren som heller ikkje kjente seg igjen i denne delen av klagen. Då eg la fram vårt syn i møtet med klagaren trekte han denne påstanda, seier Svend Arne Vee.

Redaktøren var derimot einig i at dei hadde snubla i publiseringa, og tok sjølvkritikk på dette. Mellom lærdomen han tek med seg, er at lesarane kan finne mange detaljar i gode digitale bilete om dei zoomar seg inn.

– Det tok 3,5 timar før dei pårørande vart varsla, og vi kunne ikkje vente så lenge med å publisere. Men vi hadde ikkje trengt å publisere detaljbilete, seier han.

Rettleiar
Om du vert klaga inn til PFU kan det vere både tid og pengar å spare på å kome fram til ei minneleg ordning. Det kan også gje nyttig kontakt med publikum, og styrke avisas truverde. Norsk Redaktørforening har laga ein rettleiar for korleis du kan koma fram til minneleg ordning.