Skulehage-Framtida

Få kommunar har skulehagar

I Framtida.no si kommuneundersøking er det berre ti kommunar som svarar at dei har skulehagar. Elevane går glipp av eit lærerikt klimatiltak.

Elevane ved Rustad skole i Oslo kommune har sin eigen skulehage. Foto: Christian Wiik Gjerde/Framtida.no

I Framtida.no si kommuneundersøking er det berre ti kommunar som svarar at dei har skulehagar. Elevane går glipp av eit lærerikt klimatiltak.

Litt under halvparten av kommunane har svara på undersøkinga som Framtida.no har sendt ut til rådmenn og klimaansvarleg i alle kommunar.

Frå starten av 1900-talet og utover i etterkrigstida blei det oppretta mange skulehagar i landet. Alle lærarar fekk opplæring i hagebruk. Men frå 70-talet og fram mot 90-talet, blei det slutt på mange skulehagar. No er det berre dei færraste skular og kommunar som har skulehagar. Samtidig er interessa aukande. Les heile saka hjå Framtida.no.

Er skulehagar noko din kommune vel å prioritere?

Saka er tilgjengeleg for fri bruk i lokalavisene. Utvid gjerne saka med lokale intervju. Du finn saka her, saman med anna klimastoff som kan vere interessant for lokalavisene.

Les også om Kristiansand kommune, som vil bli best i landet på å redusere matsvinn. Har din kommune tiltak for å redusere matsvinn?

Med Fritt Ord-støtte har Framtida.no, Energi og Klima, ABC Nyheter og Landslaget for lokalaviser starta eit stort klimajournalistikk-prosjekt. Målet er å lage kritisk, undersøkande og opplysande klima- og miljøjournalistikk som når mange lesarar, både ungdom og vaksne, og setje dette på dagsordenen for å bidra til klimaløysingar lokalt. Artiklane, inkludert bilde og faktaboksar m.m. er tilgjengelege for fri bruk i lokalavisene. Du finn dei her. Mappa blir oppdatert kvar veke.