Kvinnheringen-samferdsle-1

Eigne temasider om lokal samferdsle

Kvinnheringen sitt siste industri- og utdanningsbilag har spesielt fokus på samferdsle i og ut av kommunen. – Tida er absolutt inne for å setje seg ned med kartet og spele inn idear før det er for seint, skriv avisa. 

Kvinnheringen sitt siste industri- og utdanningsbilag har spesielt fokus på samferdsle i og ut av kommunen. – Tida er absolutt inne for å setje seg ned med kartet og spele inn idear før det er for seint, skriv avisa. 

På kartet ser det ikkje langt ut frå Kvinnherad til Bergen, men reisetida kan likevel vere lengre enn frå Alta til Oslo. Utviklinga i kommunikasjonen i kommunen går ikkje fort, men no har Kvinnherad fått sin eigen «Kvinnheradpakke» som skal gje betre vegar internt i kommunen. Ny E39 over Stord kan gjere reisetida til Bergen kortare, men det er ikkje klart korleis Kvinnherad skal koplast på. Kvinnherad er ein langstrakt kommune, difor er det vanskeleg å finne løysingar som gagnar alle.

Den siste tida har fleire ungdommar skrive lesarbrev i Kvinnheringen om samferdsla. – Det må gjerast noko dramatisk i åra som kjem for at vi skal kunne trekke til oss arbeidskraft og få ungdom frå kommunen tilbake, slår Kvinnheringen fast på leiarplass.

Kvinnheringen har snakka med mange som har meiningar om saka, og ein del som gjer noko med det. Dei har snakka med ein lokal fylkespolitikar, kommunepolitikarar, skuleelevar som har flytta for å komme nærare skulen, studentar som neppe vil flytte tilbake og pendlarar. Ein pendlar oppmodar til å sjå til Bømlo, så Kvinnheringen har også intervjua rådmannen på Bømlo om korleis dei har klart å oppgradere vegnettet sitt.

Ei bedrift med mykje reiseverksemd fortel at dei brukar fleire millionar og ikkje minst mange arbeidstimar på reising kvart år. Ordføraren får svare på konkrete spørsmål om utviklinga.