Hordaland fotospalte

Opprett eiga fotospalte

Tips frå Vidar Herre i avisa Hordaland:

Har avisa di eiga fotospalte? Om ikkje, kan de like godt oppretta ei med det same.
Det er fleire grunnar til det.
1. Det opnar opp for å ta bilete utanfor a4-arenaen som vanlegvis pregar avisa.
2. De får brukt gode foto som fell utanom dei vanlege artiklane.
3. Med fotografiet som hovudfokus vert det betre bilete.
4. Det fremjar fotojournalistikken i avisa.
Altså: De får ei betre avis.
Start med ein gong i veka (har de berre ei avis i veka, skulle det vera enkelt).
Bruk spalta som ei tevling innan redaksjonen, eller rullèr mellom dei som fotograferer i avisa. Spesielt under større årlege hendingar, kan ei fotospalte vera nyttig. Då tvingar det seg fram andre måtar å sjå på, som kan løfta heile dekninga, med nye vinklingar.