Framtidajunior

Dinosaurar feis verda varm, eller korleis fenge borna

Den mest lesne saka på Framtida Junior så langt handlar om klimaendringar og dinosaurar, har humor og er sensasjonell.

Den mest lesne saka på Framtida Junior så langt handlar om klimaendringar og dinosaurar, har humor og er sensasjonell.

Framtida Junior er ei nynorsk nett- og papiravis for born mellom 7 og 13 år. Eit par veker etter lanseringa deler redaktør Svein Olav B. Langåker nokre av erfaringane. Ser vi bort frå saka om lanseringa av avisa, er saka Dinosaurar feis verda varm den mest lesne nettsaka. Vidare følgjer ei sak om Youtube-stjerna Randulle som deler FIFA-tips, ei sak om USA og Nord-Korea og ei sak om ein 16-åring som lever fotballdraumen i Everton.

Studerte born og nyheiter
Kristine Magnesen i NRK Supernytt skreiv i fjor masteroppgåve om born og nyheiter. Ho fann at born er interesserte i eit stort mangfald av saker: Sport, drap, ran, verdsrekordar, dyr, dataspel, kjendisar. Dei ønsker å vite kva som skjer i verda, i Noreg og der dei bur og dei vil vite kva som skjer i konfliktområde og korleis andre born har det. Nokon har ei daglig rutine for å gå på nyheitsnettsider for å sjekke kva som har skjedd sidan sist.

– Ein del aviser har bornesider med kryssord og teiknekonkurranse, men mange av dei store borna les heller avisa for å finne ut kva som skjer med idrettslaget og lokalsamfunnet. Dei ønskjer seg korte saker, klår og tydeleg informasjon og forklaring av nyheitene, seier ho.

Ho trur at mange av lokalavissakene vert lesne av born.

– Kanskje bør lokalavisene uansett skrive sakene slik at ein 12-åring kan forstå dei? Enkelte saker er nok for kompliserte til å forenkle så mykje, men dei sakene vil nok gå over hovudet på borna uansett, legg ho til. Ho foreslår at ein kan få born til å lese gjennom nokre saker for å vurdere kor vanskelege dei er å lese.

– I Supernytt hentar vi ein del saker frå Norge i dag og Dagsrevyen, men vi endrar alltid på dei. Det er alltid mogleg å gjere noko med språket, lengda og forklaringane,

Tar parti med borna

Born er altså interessert i mange av dei same nyheitene som vaksne. Likevel er det lurt å prøve å sjå saker frå borna sine perspektiv, meiner Svein Olav B. Langåker.

– Vi prøver å tenkje etter kva born lurar på, vere ein forsvarar for dei og ivareta deira interesser, seier han. 31. oktober publiserte Framtida Junior saka Nokre vaksne er redd halloween, slik kan du roe dei ned. Saka ser halloween frå borna sitt perspektiv, dette er ein tradisjon for borna som ein del vaksne ikkje forstår.

Svein Olav oppmodar også om å skrive kort, ikkje bruke for lange setningar, og forklare det som er vanskeleg.

– Dessutan er foto ekstra viktig, og bruk gjerne video på nett. Barnekulturen vert stadig meir visuell, seier han.

NRK Supernytt opplever likevel at saker med tekst og foto er meir populære enn videoar på nett.

– Noko som kan fenge er om borna blir presenterte for ein konflikt. Då vi skreiv om at mange no vel gratis wifi framfor basseng når dei skal på ferie, spurde vi på Instagram kva følgjarane våre ville valt. Då fekk vi fleire tusen kommentarar, fortel Kristine Magnesen.

Ho legg til at born stort sett heller les om nokon som er eldre enn om yngre born. Om du prøver å nå unge lesarar, er det derfor betre å skrive om store born enn om barnehageborn.