Bygdanytt-innvandrere-1

Derfor trivst folk frå heile verda i same bygd

Ytre Arna var den første store industristaden på Vestlandet. I dag bur det ein høg del innvandrarar i bygda. Bygdanytt spør kvifor. 

Ytre Arna var den første store industristaden på Vestlandet. I dag bur det ein høg del innvandrarar i bygda. Bygdanytt spør kvifor. 

Siv Kvalheim Berg i Bygdanytt plukka opp noko ei kjelde sa i ei bisetning:  At det hadde vore ei bratt auke i talet på innvandrarar som hadde busett seg i Ytre Arna. Dette viste seg å stemme: I 2011 budde det 350 innvandrarar i Ytre Arna, 13,4 prosent av innbyggjarane. I 2016 var talet 719. Då er ikkje bebuarane på asylmottaket rekna med.

Kva var det som fekk så mange innvandrarar frå alle kantar av verda til å trekkje til Ytre Arna?

Etter å ha hatt ideen liggjande ei stund, tok Siv kontakt med ei som kjenner «alle» i Ytre Arna og fekk namn på nokre spanande intervjuobjekt. Ho fann mellom anna fram til ein polsk familie som driv eit tatoveringsstudio, to iranarar som driv kickboxingklubb og ein britisk kunstnar.

– Folk frå heile verda bur her. Det er heilt supert og det er trivelege folk, seier ein av dei om Ytre Arna.

– For meg, som òg er innvandrar, er det attraktivt at det bur så mange forskjellige mennesker her. Det kjennast spennande og interessant, seier ei anna.

Som ein bonus fekk Siv mange tips til nye saker takka vere intervjua. – Tips om spenneade ting som skal skje, nye innbyggjarar i Ytre Arna som starter eiga bedrift og liknande, fortel ho.

Sjå reportasjen her.