Kvinnheringen-mindreaarige-asylsokere

Dei som vert råka fekk aldri uttale seg

Kvinnheringen har sett nærare på prosessen bak vedtaket om nedlegging av eit bufellesskap for mindreårige flyktningar. Det viser seg at verken ungdommane, verjene eller dei tilsette vart involverte før nedlegginga var vedtatt.

Kvinnheringen har sett nærare på prosessen bak vedtaket om nedlegging av eit bufellesskap for mindreårige flyktningar. Det viser seg at verken ungdommane, verjene eller dei tilsette vart involverte før nedlegginga var vedtatt.

Kvinnherad får færre flyktningar til kommunen enn dei hadde venta, og til neste år vert midla frå Staten til busetting redusert. Difor skal eit bufellesskap for mindreårige flyktningar leggjast ned frå nyttår. 16- og 17-åringane som bur der skal flyttast til hyblar. Då det vart kjent, var det fleire som reagerte. Verken tilsette, verjer eller gutane sjølve var informerte før avgjerda var tatt.

Ei av dei tilsette i bufellesskapet gjekk til ordføraren med bekymringa si. Ho uttalte seg også til Kvinnheringen. – Vi meiner bestemt at det er for tidleg for dei å bu på hybel enno, sa ho. Ho forklarte at ho gjekk vidare med saka fordi ho opplevde at dei tilsette ikkje var blitt høyrde, og at det ikkje nytta å gå tenesteveg.

Nedlegginga av bufellesskapet var eit vedtak gjort av rådmannen. Rådmannen meiner han har handla i tråd med tidlegare kommunestyrevedtak. Då det i 2015 vart avgjort at kommunen skulle opprette bufellesskap, vart det nemlig samstundes vedteke at den dagen midlane frå Staten vart reduserte, skulle tilbodet verte tilpassa. Etter å ha høyrt dei tilsette og gutane sine historier, ba ordføraren administrasjonen sjå på saka på nytt.

Kvinnheringen har dekka saka grundig, og ba om innsyn i prosessen og vedtaket for å kome til bunns i korleis avgjerda var tatt. Då dei fekk innsyn, oppsummerte dei prosessen i avisa. Det kom mellom anna fram at dei tillitsvalde og leiinga ved bufellesskapet hadde vore orientert før avgjerda var tatt, utan å involvere dei tilsette.

– Det ligg mykje her utanom sjølve vedtaket òg – politiske vedtak som blir ignorerte av administrasjonen, tilsettpolitikk, tvilsame utsegn, tillitsvaldordning som må gåast etter i saumane osb, oppsummerer journalist Elisabeth Berg Hass.

Kvinnheringen har ikkje fått intervjue dei saka eigentleg dreier seg om, gutane som bur i bufellesskapet. Verjene har ønska å skjerme dei. Kvinnheringen har kontakta Norsk Presseforbund, som meiner gutane har krav på å bli høyrt i denne saka. Dei som viser til offentleglova og FNs barnekonvensjon som begge stadfestar at barn har rett til ytringsfridom i saker som råkar dei.

Saka vekte engasjement i kommunestyret denne veka, der spørsmål om prosessen vart tatt opp som interpellasjon. Det kom eit forslag om at rådmannen ikkje skal kunne vedta nedleggingar eller sterk reduksjon i tenestetilbodet utan behandling i kommunestyret. Forslaget var samrøystes vedteke.