Kvinnheringen_Postlistepraksis_1

Avdekka tvilsam postlistepraksis

Elisabeth Berg Hass, Tomas Bruvik og Arne Lindeflaten i Kvinnheringen fekk Haugesund Journalistlag sin journalistpris for reportasjeserien «Tvilsam Postlistepraksis».

Elisabeth Berg Hass, Tomas Bruvik og Arne Lindeflaten i Kvinnheringen fekk Haugesund Journalistlag sin journalistpris for reportasjeserien «Tvilsam Postlistepraksis».

OPPDATERT: Denne saka vann også LLAs journalistpris for 2016!

Etter ein mistanke om at kommunen heldt offentleg informasjon hemmeleg, gjekk journalistane i Kvinnheringen systematisk gjennom alle postlister i 2015. Ifølgje postlistene vart det send mistenkeleg lite post frå både rådmannsteamet og mange av dei kommunale verksemdene. Kvinnheringen oppdaga at brev som dei visste var sendt til kommunen, aldri dukka opp på postlistene. Dette gjaldt mellom anna brev dei fann på Fylkesmannen si postliste.

Rådmannen forklarte til Kvinnheringen at han har sett det som viktigast at noko skjer, og vore mindre oppteken av om alt var i tråd med gjeldande regelverk.

Avsløringa førte til ein større artikkelserie om postlistepraksisen, der Kvinnheringen informerte lesarane om kvifor vi har offentlege postlister, og korleis ein kan bruka postlistene til å kikka kommunen i korta. Kvinnheringen laga også ein video med oppskrift på korleis ein finn fram i postlistene.

Nokre månader etter at sakene sto på trykk i Kvinnheringen, kjøpte kommunen inn nytt system for journalføring og arkivering.

Her kan du lasta ned pdf av dei første sakene som sto på trykk.