Avisa-Hordaland_sveisar

Arbeidsliv: Lokal bedrift med suksess og ei god historie

I siste avisa før 1. mai fortalde Hordaland historia om ei bedrift med vekst, god moral, lokale oppdrag og ein grunnleggar som framleis jobbar på golvet i ein alder av 79.

I siste avisa før 1. mai fortalde Hordaland historia om ei verksemd med vekst, god moral, lokale oppdrag og ein grunnleggar som framleis jobbar på golvet i ein alder av 79. 

Har de ei lokal bedrift med vekst? Det kan vera spennande å høyra forteljinga om korleis dei har bygd seg opp, kva oppdrag dei har hatt og korleis dei ser på framtida.

Ho sveisar bokstaveleg tala saman bygda, stålverksemda som journalist Karl Ystanes og fotograf Vidar Herre har laga reportasje frå. Verksemda står bak dei fleste stålkonstruksjonar i heimbygda, og med 14 tilsette kan dei levera i heile Sør-Noreg. Bedrifta har hatt kraftig vekst, og er derfor kåra til «Gasellebedrift» av Dagens Næringsliv. Men i rette 1. mai-and fortel leiaren at dei meiner å ha eit godt balansert forhold mellom vekst, mannskapsressursar oppdrag og likviditet, og at dei jobbar hardt med å få fatt i dyktige fagfolk.

I eit eige intervju får vi møta smeden som starta verksemda i 1972. No har sonen teke over leiaransvaret. Faren, som er 79 år gamal, har vore van med å gjera alt sjølv. No er han «berre» ein av gutane på golvet.

Arbeidslivreportasjen sto på trykk i avisa Hordaland i siste avisa før arbeidarane sin dag, 1. mai. I same avis hadde dei også portrettintervju med ein 81 år gamal fagrørslemann som framleis engasjerer seg.

Her kan du lasta ned sakene i avisa Hordaland