Strilen-politiet-kriminalitetsstatistikk

Politistatistikken er mer enn tall

Årsskiftet er eit fint høve til å leite etter saker i politistatistikken. Strilen har funne fleire saker i statistikkane frå det lokale lensmannskontoret.

Årsskiftet er eit fint høve til å leite etter saker i politistatistikken. Strilen har funne fleire saker i statistikkane frå det lokale lensmannskontoret.

Lensmannen kallar det kriminelle miljøet i Meland ekstremt samanlikna med dei andre nordhordlandskommunane. Han er spesielt uroa over ungdomsmiljøet med stadig yngre kriminelle, noko han meiner skuldast høg tilflytting til kommunen.

– Me kjem nok til å følgje opp saka, spesielt med tanke på at den lokale lensmannen fryktar at den utvida distrikspatruljeringa i samband med den nye nærpolitireforma, kan føre til at langt færre straffesaker blir oppklarte, fortel journalist Gunn Berit Wiik Berg.

Ho har også sett på oppklaringsprosenten, som syner at Nordhordland lensmannsdistrikt oppklarte heile 69,5 prosent av straffesakene i fjor.

Strilen har også skrive saker om meir politi i distrikta, om mindre narko og vald, og kraftig nedgang i talet på vinningssaker, noko som mellom anna skuldast at politiet i 2016 og 2017 oppklarte så mange vinningssaker at mange kriminelle no sit inne.

– Alt dette er frå same pressekonferansen. Visst politiet ikkje inviterer oss for å presentera statistikken, inviterer me oss sjølve, fortel journalisten.

Samstundes kan det vere interessant å sjå på statistikkane til konfliktrådet, slik Grannar har gjort. I 2017 var det ein markant auke i talet på saker innan seksuell kriminalitet, både nasjonalt og lokalt i Grannar sitt område.

Politistatistikken kan gje idear til større saker om nye tendensar. Då Sunnhordland laga ein større serie om doping i 2013, opna dei serien med ei sak om politistatistikken og vald i Leirvik sentrum.