LLAs styreleiar Roar Vigeland Osmundsen og generalsekretær Rune Hetland.
LLAs styreleiar Roar Vigeland Osmundsen og generalsekretær Rune Hetland.

Venstre og Krf stansar kutt i pressestøtta

KrF og Venstre har i budsjettforliket fått gjennomslag for å tilbakeføre kuttet på 25,7 mill. i produksjonstilskott, og at regjeringa sitt forslag om 7 mill til innovasjonsstøtte er med.

LLAs styreleiar Roar Vigeland Osmundsen og generalsekretær Rune Hetland.

– Slik utgangspunktet var før forhandlingane var dette det beste som var muleg, og å rekne som ein siger for det informasjonsarbeidet vi i LLA har gjort overfor Stortinget i nokre hektiske veker sidan regjeringa la fram eit statsbudsjett med kuttforslag. Dette seier styreleiar Roar Vigeland Osmundsen og generalsekretær Rune Hetland i LLA i ein kommentar til budsjettforliket.

Dei understrekar at det har vore eit godt samarbeid med dei andre bransjeorganisasjonane i media. Dette har vore særs viktig i eit år med mange nye stortingsrepresentantar og difor eit ekstra behov for tydeleg informasjon om bransjen og utfordringane nå.

Innovasjonstøtta er lagt inn i same budsjettpost som produksjonstilskottet. Vi i LLA  går ut frå at Stortinget vil følgje opp føringane frå Kulturdepartementet om at støtta blir målretta til små lokalaviser, seier Osmundsen og Hetland.

Mediemelding til våren
Kulturdepartementet har varsla at dei til våren vil legge fram ei mediemelding som bygger på rapporten frå mediemangfaldsutvalet. Det er då dei store diskusjonane om rammevilkåra for media vil koma.

– Vi i LLA ser fram til den debatten og har god tru på at utvalet sitt forslag om eit løft i tilskottet (golv) til lokalavisene vil få politisk gjennomslag, seier styreleiar Osmundsen og generalsekretær Hetland. Men først skal altså innretninga på 2018-budsjettet avgjerast.

 

Lenker om budsjettforliket:

Medier24: Same procedure as every year

Journalisten: Enighet i Stortinget om nullmoms til all digital journalistikk

Journalisten: Stortinget reverserer regjeringens pressestøttekutt