Alt tidleg i september er vi godt i gang: Frå då av kan avisa vere med på Asgeir Olden og Norsk tidsskriftforening sine kurs i intervjuteknikk, lange tekstar eller språk – i Bergen eller Oslo. I oktober tar vi opp att dei to videojournalistikk med mobil-kursa som vi måtte avlyse i fjor. Først på Stord, seinare i haust på Værnes/Trondheim. Begge stadene er det LLA og Carina Wangensten Håvik i Bømlo-nytt som byr på praktiske råd og trening.
I september og oktober kan lokalavisene også bli betre på kvardagsgraving, og kanskje kome i gang med større graveprosjekt, gjennom to digitale Stup-verkstader med Senter for undersøkende journalistikk: «Å grave frem historier med regneark» og «Graveverksted for mindre redaksjoner». Les meir om desse verkstadene her.
Det er gjennom eit nytt samarbeid med Norsk tidsskriftforening at LLA denne hausten og vinteren kan tilby enda fleire praktiske kurs for lokalavisenes medarbeidarar. Særleg på to nye område: Programleiing og debatt – og kritikk av bøker, teater og kunst.
– Vi håper og trur at også lokalavisene har nytte av å lære meir om kritikk og debatt. Det handlar om å skape liv i lokalsamfunnet og å ta kulturlivet på større alvor, seier Bente Riise og Tone K. Olsen i Norsk tidsskriftforening. Dei er ikkje minst stolte av å kunne tilby kursa i programleiing og debatt, begge deler med Håkon Haugsbø – som mange kjenner frå NRK, men også frå LLAs landsmøte i Drammen.
Det eine Haugsbø-kurset er mest om korleis du lagar og gjennomfører gode debattar på ein scene, podkast eller nett. Fleire lokalaviser arrangerer folkemøte, politiske debattar eller har andre arrangement der nokon frå lokalavisa har ansvaret for debattane. På det andre kurset blir du drilla i programleiarrolla.
I tillegg tilbyr tidsskriftforeningen og LLA kurs i litteratur-, teater- og kunstkritikk. Slik kan lokalavisas redaksjonelle medarbeidarar og frilansarar bli betre til å omtale lokale bøker, kunstutstillingar, kulturskule-arrangement, revy og teater og andre aktuelle arrangement i samfunnshuset eller på andre scenar i lokalsamfunnet. Bente Riise (t. h.) og Tone K. Olsen i tidsskriftforeningen meiner at lokalavisene på denne måten kan løfte det lokale kulturlivet:
– Kritikk av det lokale kunst- og kulturlivet handlar om respekt og å ta kulturlivet på alvor. Gjennom kursa våre kan journalistar og frilansarar bli tryggare på seg sjølve når dei skal omtale arrangement eller bøker som folk med tilknytning til lokalsamfunnet står bak. Lære seg om kva rolle ein kritikar spelar, etiske grenser, korleis skrive engasjerande. Ein treng ikkje vere bøddel, men kunne skrive om arrangement og utgjevingar på ein fagleg og profesjonell måte. Det trur vi faktisk at dei som står bak kulturaktivitetane i lokalsamfunnet set stor pris på, seier Riise og Olsen.
Mange lokalaviser knyter til seg lærarar eller andre frilansarar til slike oppdrag. Også desse er hjarteleg velkomen til å vere med på alle kursa.
På nettsidene til Norsk tidsskriftforening finn du omtale og påmelding for haustens kurs. LLAs medlemsaviser betaler samme pris som tidsskriftsforeningens medlemer.
Her finn du meir informasjon og påmelding til LLAs videjournalistikk med mobil-kurs.
Og her ser du foreløpig info om LLAs Lokal & digital.
NB! Nytt tilbud: Future Week. Fra mandag 27. september til fredag 1. oktober inviterer Media City Bergen og NCE Media til foredrag og workshops som også lokalavisene bør ha nytte av, kanskje særlig Henk van Ess sine workshops. Noe av programmet er digitalt, noe er i Bergen, Stavanger og Oslo.
LLAs medlemsaviser får delta til NCE Medias medlemsbetingelser, så bare velg «Medlem i NCA Media» når du melder seg på.