Øystein Øygarden LLA 4

Trur det blir tidenes landsmøte

– Endeleg skal vi snart møtast i Ålesund. Dette kan bli tidenes landsmøte, seier redaktør i Vest-Telemark blad og styreleiar i LLA, Øystein Øygarden.

Etter at landsmøtet i Ålesund har vorte avlyst to gongar, ser LLAs styreleiar fram til at lokalavisenes landsmøte endeleg kan gjennomførast. Øystein Øygarden skal helse alle velkomen under den offisielle opninga klokka 11.00 fredag 18. mars – rett etter at kulturminister Anette Trettebergstuen har sagt nokre ord gjennom eit videoinnslag.

– No er mange sultefora på å møtast. Landsmøtet er jo allereie årets høgdepunkt for oss som jobbar i lokalavis, og i år trur eg det blir ekstra mykje moro i tillegg til mykje fagleg påfyll, seier Øygarden.

Til dei som ikkje har vore på landsmøtet tidlegare, vil han skildre det som ein fantastisk stad å møte andre som driv med det same som ein sjølv.

– Eg hugsar dei første landsmøta eg var på. Vi kunne ikkje dra heile redaksjonen, og det var alltid stas når ein fekk lov å reise dit. Det var sosialt, kombinert med at ein fekk fagleg utbytte. Ein levde lenge på det etterpå.

Les om programmet for årets landsmøte.

På landsmøtet vert også årets lokalavisprisar delte ut. I fjor vart det delt ut prisar for begge dei to føregåande åra. Då vart Kyst og Fjord og Dølen kåra til årets lokalaviser.

– Det viser at storleiken ikkje har så mykje å seie. Mindre aviser er ikkje sjanselause i konkurransen. Det er utruleg mange flinke folk rundt i landet, seier Øystein Øygarden.

Han gler seg derfor også til å vere med på festmiddagen og prisutdelinga laurdagen.

– Det er viktig å vere stolt av det ein gjer. Vi har aldri blitt Årets lokalavis, men vi lever alltid med det vesle håpet og spenninga, seier han.

Her er alt om LLAs landsmøte