Tomas Roar foto

Tomas Bruvik ny styreleiar i LLA

Tomas Bruvik er no ny styreleiar i Landslaget for lokalaviser. Bruvik tar over leiarjobben etter Roar Osmundsen – som i desse dager begynner i ny jobb utanfor avisbransjen.

På slutten av dagens styremøte i Landslaget for lokalaviser (LLA) overlot Roar Osmundsen (t.h.) styreleiar-vervet til styrets nestleiar Tomas Bruvik. Dermed er Bruvik LLAs styreleiar frå i dag av.

– Det er ei glede å få ta over stafettpinnen etter Roar Osmundsen, som har gjort ein veldig god jobb for LLA og lokalavisene. No får vi andre gjere det vi kan for å styrke lokalavisene enda meir i tida framover, seier Tomas Bruvik.

Bruvik har vore nestleiar i LLAs styre i fleire år og kjenner både avisorganisasjonen og lokalavisene godt. Til dagleg er han redaktør og dagleg leiar i lokalavisa Kvinnheringen på Husnes, ei avis som har vunne fleire nasjonale og internasjonale prisar. Avisa la også fram hyggelege opplagstal i går.

Med seg i styret har Tomas Bruvik fortsatt Hilde Eika Nesje i Bø blad, Hilde Dypaune i Saltenposten, Asta Brimi i Fjuken, Øystein Øygarden i Vest Telemark Blad, Holger Austvoll i Strandbuen og fast møtande vararepresentant Camilla Skaar Ljones i Hordaland Folkeblad. Fredag 13. april har LLA sitt årsmøte i Bodø, der styreval som vanleg er ordinær sak. Etter det formelle årsmøtet, begynner LLAs årlege høgdepunkt for mange av lokalavisene; LLAs landsmøte.

Avtroppande styreleiar Roar Osmundsen har nyleg slutta i sjefsjobben i Søgne og Songdalen Budstikke – etter 18 år i avisa. I neste veke begynner han som næringspolitisk leder for Næringsforeningen i Kristiansandregionen. Medier24 hadde nyleg eit intervju med Osmundsen om tida i lokalavisa, den saka kan du lese her.

Her kan du sjå ein kort videosnutt frå leiarskiftet i LLA:
Leiarskifte i LLA video

For kommentarar: Tomas Bruvik, tomas()kvinnheringen.no, mobil 411 08 523.