«- Det blir spennande med noko som er heilt nytt i forhold til jobben eg har i dag. Eg kjem til å kontakte mange rundt om i avisene framover, og håpar at eg blir teken vel imot, seier Tomas Bruvik som blir kjøpt fri som redaktør og dagleg leiar i lokalavisa Kvinnheringen det neste halve året. Bruvik er og styreleiar i LLA.
– Vi er svært glade for å ha fått Tomas til å ta på seg denne viktige oppgåva og for at Amedia har vore rause ved å låne han ut til LLA-prosjektet. Det skal gjerast mykje på kort tid; men Tomas kan mykje om digitalisering og så har han handlekraft, så dette ser vi fram til, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA.
Tomas Bruvik tar til i februar og skal arbeide med prosjektet på heilt i eit halv år. Mona Grønningen skal vere redaktør og dagleg leiar i Kvinnheringen i Bruvik sitt fråvær.
Landslaget for lokalaviser er som kjent tildelt 1,2 millionar kroner i støtte til innovasjonsprosjektet.
https://lla.no/nyheter/lla-far-stotte-digitalt-kompetansesenter/