Til minne om Egil Hyldmo

LLAs tidlegare landssekretær og styreleiar døde for nokre veker sidan. Her kan du lese redaktør Åsmund Snøfugls minneord om Hyldmo:

Egil Hyldmo døde 17. mars i Trondheim, 76 år gammal.

Han studerte først teologi. Seinare gjekk han over til journalistikk. Han skreiv mellom anna for VG, før han i 1972 vart tilsett i Noregs Ungdomslag. Fem år etter vart han redaktør i Stjørdalingen. I 1982 starta han avis for Ytre Namdal. Denne fekk det dekkande namnet Ytringen. Den vart fort eit livskraftig organ for dette distriktet nord i Trøndelag. Egil vart med i Landslaget for lokalaviser (LLA). Han var både formann og ei tid landssekretær. Han gjorde ein viktig innsats som mellom anna førte til at også aviser som kom ut éin gong i veka, fekk pressestøtte. I 1991 fekk han LLAs ærespris.

På 1990-talet selde han Ytringen og flytta til Trondheim. Slik fekk han meir tid til litterært arbeid. Først kom han med ei faktabok om bjørnen, som han fekk bibliotekarpris for. Han heldt fram med bøker om andre dyr. Så skreiv han om trønderske olympiarar, bacalao, romfolket, Serbia og Montenegro og ei krimbok. Han femna vidt, til saman vart det 13 bøker.

Eg vart kjent med Egil mens han var redaktør i Stjørdalingen og fekk med han å gjera som kollega og gjennom LLA. Han vart ein god venn. Egil hadde hytte i Namdalen og var ein ivrig friluftsmann. Kvar haust kom han til oss med eit spann molter sanka på myrene i Grong. Eg ser tilbake på trivelege år i LLA og spenninga vi delte med han når nye bøker skulle koma, og på den gleda og munterheta det var når ting gjekk bra.

Egil Hyldmo vart bisett 28. mars. På grunn av stoda no var berre familie med. Det var stjørdalingen Mona Grudt som forretta under minnehøgtida, og ho teikna eit fint bilete av Egil og hans virke. Ho skapte høgtid over stunda da han vart takka av.

Det er med vemod eg tenkjer på at Egil no er borte, og eg er takksam for det han bidrog med av kunnskap og engasjement.

Åsmund Snøfugl