Den pågåande journalistikksatsinga til Fritt Ord inneber at dei løyver inntil 25 millionar kroner i året i fire år til norsk journalistikk. No har dei hatt prosjektet i to år.
– Noko av det mest positive har vore å få støtte verkeleg gode graveprosjekt i lokalavisene, til og med nokre av dei minste, som Vest-Telemark Blad og Drangedalsposten, seier Knut Olav Åmås.
Drangedalsposten: Graveprosjektet har gitt oss en helt ny hverdag
Åmås fortel at finansiering av viktig lokaljournalistikk var ein tydeleg del av motivasjonen for at Fritt Ord sette i gang prosjektet for to år sidan.
– Vi ønskjer oss fleire søknader frå lokalavisene, anten det gjeld heilt konkrete graveprosjekt eller andre ting. Til dømes må jo alt som har med kommunesamanslåing og regionreform kunne skape spennande redaksjonelle prosjekt framover, seier han.
Han legg til at dei gjerne svarar på spørsmål om nokon treng tips eller råd til søknaden.
– Alt kan endrast undervegs om det skjer noko med prosjektet, men det er viktig at søknaden likevel er konkret på kva dei vil gjere og kva dei vil få ut av prosjektet. Vi dekkjer gjerne nødvendig vikarinnsats, men det er viktig at redaksjonane også synleggjer eigeninnsats. Redaksjonell leiing av prosjekt er ofte eit døme på eigeninnsats, seier han.
Se også informasjon her: http://www.frittord.no/
Påtroppande generalsekretær Tomas Bruvik i Landslaget for lokalaviser meiner det er svært viktig at lokalavisene arbeider med gravande og undersøkande journalistikk.
– Vi ser at det er mogleg for lokalavisjournalistar å lage viktig og gravande journalistikk, seier han.
Fleire stader i landet har lokalavisjournalistar vunne prisar for best journalistikk i fylkeskonkurransar. Mellom anna Kvinnheringen, Vest-Telemark Blad og no sist Thomas Frigård for saker han skreiv medan han jobba i Raumnes.
– Når det finst gode støtteordningar må vi søke og vise at vi vil drive med slik journalistikk, seier Bruvik.
Sjå også Medier24s Ti tips til søknaden: Slik får du penger fra Fritt Ord
Og LLAs forslag til oppsett av søknad
Aviser som vil diskutere idear kan òg kontakte LLA:
Tomas Bruvik: 411 08 523, tomas@lla.no
Laila Borge: 994 62 687, laila@lla.no