Lokalavisene Sykkylvsbladet og Sunnmøringen slår seg snart saman

Lokalavisene i Sykkylven og Stranda blir éi lokalavis på nett og papir frå nyttår av.

Sunnmørsposten AS, som er ein del av Polaris Media AS, kjøpte i sommar lokalavisa i Sykkylven, Sykkylvsbladet. Mediekonsernet eig frå før Sunnmøringen, som har Stranda som dekningsområde. Styra i dei to mediehusa har vedteke at det skal verte ei felles avis og ei felles nettutgåve for Stranda og Sykkylven. Dermed vil abonnentane til Sykkylvsbladet få eit digitalt tilbod, som manglar i dag, og abonnentane til Sunnmøringen vil igjen få to papirutgåver i veka, slik det var fram til 2016. Det nye mediehuset skal ha kontor både i Sykkylven og Stranda, og vil dekke ein region med meir enn 12.000 innbyggjarar. Den nye avisa vil truleg få eit opplag på rundt 3500.

Kvar for seg er dei to mediehusa for små til å gjennomføre nye, større satsingar. Eit nytt, felles mediehus for regionen vil stå mykje sterkare for å kunne utvikle medietilbodet vidare. Dermed vil det også vere med på yttarlegare å styrke samarbeidet mellom dei to kommunane, seier Lidvar Flydal, styreleiar i Sykkylven Media AS og Sunnmøringen AS, i ei pressemelding onsdag.

– Sykkylven og Stranda har samarbeidd i mange år, både interkommunalt, i det private næringslivet og når det gjeld lag og foreiningar. Det ligg også i korta at det er aktuelt med samanslåing mellom kommunane Sykkylven og Stranda. Det er naturleg at vi står saman, også når det gjeld lokalavisa, seier Frank Kjøde, redaktør og dagleg leiar i Sykkylvsbladet. Han skal ha den same rolla også i det nye mediehuset.

– Strandarar og sykkylvingar er gode naboar, med sterk eigenart i dei ulike bygdelaga, samtidig som vi er sameinte og har felles interesser på ei lang rekke område. Å spegle dette blir ei utruleg takknemleg og utfordrande oppgåve, seier Renate Furre Henriksen-Sandvær, redaktør og dagleg leiar i Sunnmøringen.