Opplagsvinnarane i LLA-familien: Sogn Avis aukar med over 700 abonnentar!
Nesten 85 prosent av avisene tilknytt Landslaget for lokalaviser (LLA) aukar opplaget frå 1. til 2. halvår i fjor. Over 60 % av LLA-avisenes opplag er no komplett-abonnement, der lesarane får redaksjonelt innhald og annonsar både på nett og papir. 27 % av LLA-opplaget er heildigitalt. Det viser ferske opplagstall frå LLA og MBL i dag.
LLA er organisasjonen for over 110 av lokalavisene i Norge. Dei nye opplagstala bekrefter at lokalavisene betyr mykje for folk sitt informasjonsbehov, spesielt i så uvanlege tider som har vore det siste året.
LLA-avisenes samla opplag aukar med 2,6 prosent det siste halve året. Avisene i LLA har no eit netto opplag på nesten 373.000.
– Lokalavisenes samfunnsansvar er blitt endå tydelegare det siste året. Avisene våre gjev innbyggjarane svært viktig informasjon om korona-situasjonen lokalt. Samtidig held lokalavisene fram med å knytte folk saman i nærmiljøet, seier LLAs generalsekretær Tomas Bruvik.
Bruvik gler seg også over at fleire lokalaviser held fram med innovasjonsarbeidet og satsar på digitale plattformer hand i hand med papirutgåvene.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det siste året har vore ei påminning om kor viktig det er også for lokalavisene å kunne tilby nyhende på nett og mobil, nærast døgnet rundt, seier Tomas Bruvik.
Blant dei nesten 95 av LLAs 114 aviser som aukar opplaget, er Sogn Avis i Leikanger. Lokalavisa har no eit samla opplag på 9.132. Det er ein framgang på 716 og gjer avisa til opplagsvinnar blant LLAs medlemsaviser. Ansvarleg redaktør Arve Uglum i Sogn Avis forklarer den flotte opplagsauken slik:
– I kvardagen handlar det om å utøva god journalistikk, fortelja små og store historier frå området vårt og halda tritt med det som skjer. Opplagstala viser også at digitalisering virkar når du har den rette gjengen til å gjennomføra digitaliseringa. 2020 vart eit år der me gjennomførte mange løft på ein gong. Det har kosta, så det gjer seg med ei slik stadfesting, seier Arve Uglum i Sogn Avis og legg til:
– Det er vanskeleg å setja ord på kva det betyr for eit avishus som har opplevd sakte og stødig tilbakegang i så mange år, når pilene endeleg snur. Me har så smått begynt å venna oss til framgang, men det er klart at desse tala får oss til å gni oss i litt i augo.
Også Sandnesposten, Dag og Tid, Hallingdølen og Vennesla Tidende er eksempel på andre LLA-aviser som aukar opplaget myke det siste halve året.
For fleire kommentarar og informasjon:
Tomas Bruvik, generalsekretær i LLA, tomas@lla.no, mobil 411 08 523
Geir K. Hus, markeds- og informasjonssjef i LLA, geir@lla.no, mobil 452 89 333
Arve Uglum, ansvarleg redaktør i Sogn Avis, arve.uglum@sognavis.no, mobil 970 55 224
Her er ei exel-fil med opplagstall for LLA og MBLs aviser i 2. halvår 2020:
Opplagstall avis andre halvår 2020
LLAs generalsekretær Tomas Bruvik gler seg over flotte opplagstall for svært mange lokalaviser: – Lokalavisenes samfunnsansvar er blitt endå tydelegare det siste året.
Laget bak suksessen i Sogn Avis: Redaktør Arve Ugum (framme i midten). Til venstre Eli Grotle, Wenche Schanke Eikum, Kai Martin Brekke, Jorunn Husabø, Leif Johannes Lunde, Eirik Thue, Eli Lunde Hjeltnes, May Grethe Lerum, Ørjan Talle. Til høgre Halvor Farsund Storvik, Gunnar Kleven, Endre Romøren, Morten Sortland, Hanne Stedje, Ole Ramshus Sælthun, Renate Sæle, Keth Øren og Anders Huke. Sigrid Nese Thue og Vilde Grønsberg var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto: Ørjan Talle/Anders Huke