Sunnhordland best i Europa!

Sunnhordland har den beste bladbunaden i Europa. Derfor skal dei til våren henta heim det gjevaste trofèet for lokalavisene i European Newspaper Award-konkurransen.

Glade medarbeidarar i Sunnhordland.  Foto: Marius Knutsen.

 

– Dette er ei stor fjør i hatten for alle på avishuset, og eg må innrømma at eg fekk ei lita tåre i augnekroken då eg fekk vita dette. Eg vil takka alle som jobbar i Sunnhordland. Me har mange dedikerte og dyktige fagfolk som står på kvar einaste dag, og det å få ein slik pris er berre heilt fantastisk. Det gjev oss motivasjon og inspirasjon til å halda fram med å laga eit best mogeleg produkt til våre lesarar og annonsørar.

Det sa redaktør Magne Kydland til eiga avis då han og resten av avisgjengen fekk vita om den gjeve prisen før helga. Det tok ikkje lang tid før kakespadane blei henta fram i mediehuset i Borggata på Stord.

Til LLA-weben legg redaktøren til:

– Eg oppmodar fleire lokalaviser om å senda inn bidrag til internasjonale konkurransar. Tidlegare har Kvinnheringen, Hallingdølen og Bygdanytt vunne same prisen.

– Det er ingen grunn til å stå med lua i handa og tru at me ikkje er gode nok. Norske lokalaviser er blant dei beste i verda, noko denne prisen også viser. I ei tid der dei store konsera driv meir og meir med malstyring, er det kjekt for oss litt mindre, som framleis har grafikarar på huset, å kunne visa fram kva me lagar. Eg vil difor oppmoda andre lokalaviser til å gjera det same, seier Kydland.

Det er dessutan ikkje så lenge sidan forrige kakefest på avishuset. For knappe to år sidan kåra LLA avisa til Årets lokalavis. Då skreiv vår eigen jury blant anna dette:

«Avisa byr opp til dans – og er tydeleg på at ho ønskjer kontakt både med lesarar og annonsørar. Avisa hentar også stoff frå sosiale medium. Avisa har etablert god nettilvising med konkrete løfte til lesarane.

Avisa har gode bilete med fin kontakt. Avisa er stramma opp på ein vellukka måte gjennom ein redesign med tydeleg seksjonering og reinare presentasjon».

Les heile saka om den nye Europa-prisen på Sunnhordland.no

Også Hallingdølen har forsynt seg godt av premiebordet: Avisa blir heidra med sju prisar i ulike kategoriar!

 

Redaktør Magne Kydland (t.v.) serverer musserande og kake til to av sine kollegaer, dagleg leiar Reidar Hystad og typograf Hans Jacob Meland. Foto: Marius Knutsen, Sunnhordland.