Øystein Øygarden LLA 2

Statsbudsjettet for 2022: Lokalavisene håper på større løft i neste omgang

I regjeringas forslag til statsbudsjett for 2022 er produksjonstilskotet til mediene inflasjonsjustert. Samtidig peikar noverande regjering på at mediestøtta skal bidra til lokale medier i heile landet. Landslaget for lokalaviser (LLA) håper at den nye regjeringa og Stortinget følgjer opp med eit løft for lokalavisene.

Regjeringa har satt av totalt nesten 381 millionar kroner i direkte produksjonsstøtte til avisene neste år. Innovasjonsstøtta på rundt 21 millionar kroner blir også ført vidare.

Regjeringen vil auke tilskotet til samiske aviser med 2,7 millionar kroner, då ei ny avis er kvalifisert for tilskot frå støtteordninga.

Styreleiar Øystein Øygarden i LLA kommenterer forslaget til statsbudsjett slik:

– I 2019 gav dåverande kulturminister Trine Skei Grande eit viktig løft for lokalavisene. Samstundes er utfordringane til lokalavisene slett ikkje over, dei små avisene står framleis midt i eit utfordrande digitalt skifte. Inntektene gjennom papirutgåvene går nedover og det er vanskeleg å få desse med seg vidare inn i ei digital verd. I dagens forslag til statsbudsjett må vi akseptera at det berre er ei inflasjonsjustering av pressestøtta, men vil jobba vidare med at lokalavisene får eit større og nødvendig løft i åra framover, seier Øystein Øygarden.

LLAs styreleiar er glad for at innovasjonsstøtta blir ført vidare.

– Denne støtta vart oppretta for å hjelpa dei små og mellomstore lokalavisene med ei heilt nødvendig digital omstilling. Dette omstillingsarbeidet står vi framleis midt i, vi set derfor pris på at innovasjonsstøtta framleis er på plass. Samstundes har vi erfart at avisenes eigendel, som er på 50 prosent, er for høg. Den høge eigendelen gjer at mange små lokalaviser faktisk ikkje har råd til å søke om innovasjonsstøtte, påpeiker Øystein Øygarden.

For kommentarar og meir informasjon:
Øystein Øygarden, styreleiar i LLA og redaktør i Vest-Telemark blad, mobil 958 93 437, oystein.oygarden@vtb.no

regjeringa.no finn du forslaget til statsbudsjettet.

Litt meir om mediebudsjettet finn du blant anna hos Journalisten.no og M24.no.