idehefte

Nytt inspirerande idéhefte, verdensrekord, digitalsamling og Tor Jonsson-seminar

Vil du begynne hausten med gode idear og inspirerande eksempel frå aviskolleger landet rundt? Vil du vere med på spennande avissamlingar? Sjekk ut kva LLA byr på dei neste vekene:

Mellom anna kan du glede deg til dette i tida frametter:

Arendalsuka, frå torsdag 18. august: Då skal presseorganisasjonane sette verdensrekord i presseetikk. Sjå meir her.

Illustrasjon

Liten, men digital er LLAs digitalsamling på Gardermoen fredag 9. september. Gjennom éin dag med foredrag og cases får du nyttige oppdateringar rundt aktuelle digitale muligheter som lokalavisene har.

Vi varmer opp med overblikk, og avisprat, om ettermiddagen før; torsdag 8. september.

Meir informasjon, oppdatert program og påmeldingslink finn du her i LLAs kalender.

jonson

Motstraumsstemmer i media er eit seminar i Tor Jonssons fotspor. Dersom du kjem til Ål i Hallingdal onsdag 21. september klokka 12.00, får du med deg eit døgn om korleis vi kan styrke mangfaldet av sterke stemmer i media. Arrangør er Tor Jonsson-selskapet i samarbeid med LLA og Hallingdølen.

Sjå LLA-kalendaren for meir informasjon og påmeldingslink.

Men du er kanskje minst like interessert i korleis du kan fylle avisa di med gode saker her og no? Eller gå i gong med fleire lønnsomme markedstiltak i morgon? I så fall bør du bla deg gjennom LLAs siste idéhefte. Dette sendte vi ut til alle medlemsavisene våre rett før sommarferien. Dersom du ikkje finn igjen avisa sitt eksemplar, kan du bla i vår nett-versjon her, eller du kan sende ein epost til lene()lla.no og få ettersendt ei ny utgåve.

I halve heftet finn du redaksjonelle tips, i den andre halvparten er markedsbidraga som blei sendt inn til årets markedspris-konkurranse.

LLAs landsmøte: Sjølv om det er fortsatt er lenge til LLA og lokalavisenes neste landsmøte, kan det vere greit å notere også den datoen i kalendaren din: Fredag 24. mars 2017 møtes vi i Haugesund.

RuneHetlandLLAweb

Og til slutt: Her kan du lese generalsekretær Rune Hetland (bildet) sin pressepolitiske halvårsrapport.

Vi ser fram til eit fortsatt godt samarbeid med alle våre medlemsbedrifter.