LLA har arbeidd for denne endringa som gjer at forskriftene nå er heilt plattformnøytrale.
– Dette betyr at medier i Nord-Norge kan levere journalistikken til lesarane utan å tenkje på støtte. Dette vil stimulere til auka digital satsing. Det er viktig for mange av dei minste mediene som har krevjande økonomi å kunne spare kostnader til trykk og distribusjon når dei finn det fornuftig, seier pressepolitisk rådgjevar Rune Hetland i LLA.
Svalbardposten får Nord-Norge-tillegg
Redaktør Line Nagell Ylvisåker er svært glad for at Svalbardposten frå og med i år får produksjonstilskott tilsvarande Nord-Norge-sats. Det vil seie dobbelt grunntilskott.
Dette har avisa arbeidd for i fleire år, med aktiv støtte frå LLA.
Tydelegare krav om å følgje presseskikk
For å sikre at tilskuddsmottakarane har redaktørar som følgjer god presseskikk, er det gjort ei endring i forskrifta om kva krav som skal stillast til redaktøren. Det blir i dei nye forskriftene tydeleg krav om at redaktøren må ha slutta seg til «allment aksepterte presseetiske standarder», som går fram av Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.
Departementet har i tillegg vedtatt å justere det øvre taket for tilskott til nasjonale nummer-to-medier fra 40 til 45 millionar kroner. Taket for nasjonale nisjemedier blir samstundes justert frå 15 til 17 millionar kroner.
Fordeling av årets produksjonstilskott klart 16. oktober
Dei melder at 174 aviser har søkt om tilskott i år, og at 16 av desse er nye søkarar.