Landslaget for lokalaviser har fått nye nettsider. Slik får du nytte og glede av LLA på nett og mobil:

I dag byr vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) på nye nettsider. Det blir enklare å få tak i nyttig informasjon om lokalavisene og LLA – og vi skal bruke meir lyd og bilde.

Dermed får både medlemsavisene, mediebyråa og andre i omgivelsene våre venteleg enda større glede av alt vi legg ut her på heimesidene. Nokre eksempel:

Finn din lokalavis

Lokalavisene er som kjent ein svært nyttig og truverdig norsk mediekanal. No vil annonsørar, mediebyrå og andre få avisenes nøkkelopplysningar på ein langt enklare og bedre måte enn før. Bruk nedtrekksmenyen vår og få opp kart med avisenes dekningsområdene på ein lettfatteleg måte. Du kan også zoome inn og ut på aviskartet og slik enkelt sjå kor avisa held til og kva område den dekker. Samtidig finn du kontaktinformasjonen til avisene. Du kan også laste ned ei fil med husstandsdekningen til alle våre lokalaviser.

Det er særleg LLAs organisasjonssekretær Lene Østberg som har jobba fram «Finn din lokalavis» saman med nettleverandøren vi har eit godt samarbeid med; Appex i Haugesund.

Resten av dei nye nettsidene er bygd på avismalen til Appex. Mange vil dermed sjå likheten mellom LLAs nye nettsider og fleire av lokalavisene våre. Har du endringar eller forslag til det du ser, sender du dette direkte til lene@lla.no.

Idèbanken

LLAs idèbank er open og til nytte for heile mediebransjen. Med jamne mellomrom legg vår redaksjonelle fagmedarbeidar Laila Borge ut tips, erfaringar og råd som særleg lokalavisene har praktisk nytte av. I tida framover vil du også finne fleire saker om innovasjon og digital utvikling, særleg etter at LLAs påtroppande generalsekretær Tomas Bruvik har vore ute på landevegen i eit halvt år og inspirert avisene til å satse enda meir digitalt.

Alle sakene i idèbanken blir heretter langt meir tilgjengeleg enn i forrige idèbank, fordi sakene blir publisert parallellt i idébanken og på fronten på dei nye heimesidene. Minst eit par gonger i månaden sender vi også ut eit nyhetsbrev til alle som abonnerer på det – der dei ferskaste sakene i idébanken blir omtalt. Har du tips til saker som bør omtalast i idébanken, tar du kontakt med Laila Borge, laila@lla.no.

Lyd & bilde

Som ein del av innovasjonsarbeidet til LLA, inspirerer vi lokalavisene til å bruke meir lyd og levande bilde i nettavisene. Vi har derfor laga ein karusell på dei nye nettsidene våre, der vi legg ut tips og råd om nettopp dette – av og til også med eigen lyd og bilde! Går du til Lyd & bilde-karusellen i dag, vil redaksjonen og markedsmedarbeidarane i lokalavisene vonaleg bli inspirert av dei to første videosnuttane til Kine Myrvold i Sosial Sone. Den første er litt om kvifor lokalavisene bør kunne gi gode råd til lokale annonsørar om sosiale plattformer, den andre handlar om korleis lokalavisa kan bruke Instagram Story for å auke engasjementet på mobilen og nettavisa. Vi byr også på ein serie med mini-fotokurs, der frilansfotograf Ingerid Jordal gir tips om korleis du kan fotografere ein politikar. Ingerid har også laga ein snutt om portrettfoto.

Ledige stillingar, samarbeidspartnarar og gratulasjonar

Lengre ned på nettsida vår finn du både ledige stillingar og kort omtale og link til LLAs samarbeidspartnarar. Stillingsannonsene er eit samarbeid med Medier24, der LLAs medlemsaviser får tilbod om å kjøpe ein attraktiv annonsepakke frå oss; nettannonse på M24 si stillingsannonsesone, M24s sosiale medier, LLAs nye nettsider og henvisningsannonse i rundt 100 av papirutgåvene til lokalavisene i LLA-familien.

Under stillingsannonsekarusellen finn du leverandørane som fleire av våre lokalaviser bruker, og som gjerne også er med på LLAs landsmøte og Lokal & digital. Dette er bedrifter som mange av våre aviser har eit godt samarbeid med.

Og så krydrar vi dei nye nettsidene våre med ein ny gratulasjonskarusell! Akkurat på samme måte som jubilant- og gratulasjonsspaltene i lokalavisene er svært godt lesestoff, vil LLA gratulere aviser eller avisfolk når dykk har jubileum eller har runde år. Send gjerne tips til oss.

Ta gjerne turen rundt på dei nye nettsidene våre i dag. Dei er også blitt mobilvennlege, til liks med resten av innhaldet, vil blant anna «Finn din lokalavis» vere enkel å bruke på mobilen din. Velkomen som brukar av dei nye nettsidene til Landslaget for lokalaviser.