Skjermbilde 2019-12-27 kl. 09.32.52

Skal lære om graving i data

LLAs plass på Norges første Bellingcat-workshop er no delt ut.

Journalist Carina Wangensten i Bømlo-nytt skal delta på kurset i åpne kjelder og digitale graveteknikkar. Ho fortel at det var den undersøkande journalistikken som fekk henne til å bli interessert i journalistikk. I tillegg er ho over gjennomsnittet interessert i data, statistikk og matematikk. Ho meiner at graving i data kan bidra til å avdekke saker på ein informativ og objektiv måte, og at dette kan styrka lokaljournazistikken og lokalsamfunnet.

Etter kurset vil du her på lla.no kunne lese meir om kva Carina Wangensten har lært.